Førdefjorden Vel

Kvammen kapell

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kvammen Kapell
Kvammen kapell vart vigsla 27. november 1977 av biskop Thor With. Kapellet er eit praktisk bygg og vert mykje brukt gjennom året. Forutan gudstenester og andre kyrkjelege handlingar vert bygget nytta til andre ulike aktivitetar.

Stort sett kvar torsdag frå kl. 19 -21 er det Jonasklubb. Dette er ein ungdomsklubb frå 7. klasse og oppover.

Om lag to søndagar i månaden har Kvammen søndagsskule sine samlingar frå kl. 11.00-12.15. Det er barn frå 4 år og oppover som er med der.

Bygget har eit godt utstyrt kjøkken og møterom som eignar seg til utleige. Lokala har vore nytta til selskap som barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, minnesamvær etter gravferder, feiring av bursdagar og andre jubileum. Her har og vore årsmøtesamlingar for ulike lag og misjonsorganisasjonar.
Sjølve kyrkjerommet er godt eigna til konsertar av ulike slag. Her har det vore 2000 års markering, songarstemne og øvingslokale for Kvammen songlag.

Då folkelånsvegen vart opna i 1979, var her storinnrykk i heile bygget og det vart servert til fleire hundre.

Med ujamne mellomrom er det møte i kapellet med omreisande talarar eller misjonærar frå ulike misjonsorganisasjonar. Det vert arrangert fleire basarar gjennom året til inntekt for lag og organisasjonar. 4. juledag har søndagsskulen som tradisjon å arrangere julefest.










Førdefjorden Vel