Førdefjorden Vel

Allaktivitetshuset

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Allaktivitetshuset
NY: KALENDAR - sjekk kva som skjer på huset og om det er ledig

Kvammen Allaktivitetshus ligg på Høgda i samme lokale som Joker butikken.
Etter mykje dugnadsarbeid med på og om- bygging er dei nedlagde post og bank lokala i bygget gjort om til eit fleirbrukshus. Det er framleis arbeid som gjenstår før huset er ferdig. Hovudrommet vart ferdigstilt i mars -09. Av strørre arbeid som gjenstar er nytt kjøkken hovudprioritet.

Huset inneheld branndepot, nytt dusj og garderobeanlegg (mars 2008) og forsamlingslokale med kjøkken. Huset ligg ved sida av ballbana som vist på bildet. Det ligg også sandvolleyballbane ved sida av butikken samt leikeplass bak butikken.

Huset kan leigast til ulike formål både for organisasjonar, næringsdrivande og private. I dag blir huset flittig brukt til mellom anna:
- Lørdagskafe
- Basar
- Bingo
- Møte
- LAN Datatreff
- Pub
- Quiz
- Syng med oss
- Private feiringar
- Dysj og Garderobe for fotballgruppa

Huset inneheld trimrom samt kjøkken tilrettelagt for næring. Hovedrommet er i fleire mindre rom med veggar som er flyttbare slik at ein har høve å lage til store arrangement.

Styret.
Trond Selvik - leiar
Steinar Bråstad - nestleiar
Bente Nymoen Selvik - skrivar
Andreas Haug - kasserar
Stian Lykkebø - styremedlem

Ta kontakt med leiar Trond Selvik for leige av huset 97 05 65 93.
Når det gjeld byte av tid for kafe o.l. kan de sjekke kalendar her













Førdefjorden Vel