Førdefjorden Vel

Flokenes grendahus

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Flokenes Grendahus
Flokenes Grendahus

Elvetun, Flokenes Grendehus.

Elvetun bilde

Elvetun, Flokenes Grendehus er drive av eit styre på 5 medlemmer. Vi har årsmøte og val. Bygdefolket sin dugnad i alt frå kakebaking, loddsal, maling, nedvask o.l. er alfa og omega.

Flokenes Grendehus er frå gammalt ein grendaskule. Seinare vart det brukt som korttidsbarnehage fram til midten av 1990-talet. Huset blir no brukt til ulike aktivitetar både av private, av lag og arganisasjonar og huset har sine eigne arrangement.
Kjøkkenet er velutstyrt, dekketøy til ca. 90 personar, oppvaskmaskin med stim. Huset er og tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Tomta er inngjerda og har leikehytte og disse for borna.

Huset har faste arrangement som husfest/basar i påskeveka, der det brukar å vere mykje folk. Mange som kjem heim på påskeferie brukar å legge turen hit då, med servering av betasuppe, kaffi og kaker, laga på dugnad. Seinare er det åresal og trekking av loddbøker.

Om hausten er det aktivitetar som bingo og søndagskafé, populært både for store og små.
Adventskafeen er ein gammal tradisjon, blei oppstarta då det var barnehage her. Sidan det har styret tatt seg av den. Kafeen er første søndag i advent, med fast innslag av nisse og tenning av julegran ute.

Huset er fast utleigd til seniordansarane, med øving ein gong i veka.

I kjellaren er det no instrument som slagverk, piano, girar og mikrofonanlegg. Dersom du ynskjer å leige kjellaren til øving kan du ta kontakt med Øyvind Selvik på tlf nr. 41612102

Som private arrangement er huset utleigd til mellom anna: dåp, konfirmasjon, bryllaup, gebursdagar, minnestund etter gravferd.

Vi leiger og ut dekketøy, dukar, panner, kaffitraktar, bord og stolar.

Fleire prisar og annan informasjon får du ved å kontakte leiar for huset! eller trykk her; Kjem snart

Mildrid Stafsnes

Mobil nr: 913 95 104


Leiar for Elvetun, Flokenes Grendehus
Førdefjorden Vel