Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Om oss

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kontaktinformasjon og arbeidsoppgåver

Leiar: Pierre Unemo
6983 Kvammen


Førdefjordområdet er no inne i 5. året som bygdeutviklingsbygd. Bakgrunnen for at området vart vald som utviklingsbygd er for å auke trivsel og for å utvikle bygda i ein positiv retning gjennom ulike prosjekt. Eit av hovudmåla er å få auka tilflytting av utflytta ungdom, og av familiar utan direkte tilknytning til bygda. Som BU bygd får vi midlar frå kommunen og fylkeskommunen. Desse midlane går til direkte støtte til tiltak og til å fremje søknader om andre midlar.

Desse prosjekta arbeider Velforininga med i BU perioden

- Profilering av bygda. Vi er i gang, som de ser, med å få bygda på internett. Lag og organisasjonar skal få høve til å presentere seg, vi vil få ein oversikt over aktivitetar i bygda og vi vil presenter bygda som den flotte plassen det er!

- Småbåthamn i Kvammen. Det er eit aukande behov for småbåtplassar i området. Det er nedsett ei gruppe som arbeider med ei småbåthamn og eit godt tilrettelagt friluftsområde rundt denne. Oppstar for dette arbeidet er planlagt sommaren -09

- Badeplass ved Øyravatnet. I samarbeid med NHF Askvoll/Rørvik arbeider velforeininga med ei badestrand/solingsplass ved Øyravatnet som er tilrettlagt for alle, inkludert rullestolbrukarar, barnevogner og liknande.

- Rydding langs riksvegen. Velforeininga har vorte løyvd SMIL-midlar til rydding langs riksvegen i bygda. I første omgang området rundt krysset ned i Gjelsvik og på Flea.

- Parkeringsplass ved kyrkjegarden i Gjelsvik. Velforeininga arbeider opp i mot kommunen i samarbeid med grunneigar og entrepenør for å få laga til fleire parkeringsplassar i nærleiken av kyrkjegarden. Dette arbeidet skal etter planen starte i 2009



Førdefjorden Vel