Rørvik Lag for funksjonshemma
- Om oss
Rørvik Lag for funksjonshemma
NHF Askvoll/Rørvik lag

NHF Askvoll/Rørvik lag vart skipa våren 1947 av formannen i Sunnfjord Vanførelag, Annanias Batalden. Batalden hadde celebral parese og var rullestolbrukar. Han hadde vore i bygda Rørvik fleire gonger før, til ein gut som var polioskadd. Denne våren kom han til bygda med det føremål å starte ei ny foreining. Batalden fekk med seg fem av kvinnene i bygda, og skipa laget ”Rørvik arbeidslag”. Andrea Leknes var den første leiaren i laget (1947-1961). Josefine Aalen tok over i 1961, og sat til 1979. Etter 1979 har leiarane vore Rune Grytten, Magnhild Rørvik, Jorid Leknes, Aase Leknes, Halldis Rørvik, Turid Leknes, Ingelin Grytten og Renate Berg.
I 1977 vart namnet på laget endra til Rørvik lag for funksjonshemma, samstundes som krinsane Gjesvik og Kvammen vart innlemma i laget. 1 1999 vart namnet til laget igjen endra til NHF Askvoll/Rørvik lag. Dette fordi landsmøtet i 1998 gav pålegg om at alle fylkeslag og lokallag skulle ha NHF fyrst, så kommunenamn og stadnamn.
Foreininga/arbeidgruppa hadde dei fyrste åra møter ein gong i veka.
Dei gikk seinare ned til å ha møter ca. ein gong i månaden.
Styret som før var 7 personar, er no redusert til 5 personar. Ein har oppretta ei aksjonsnemnd som tek seg av ulike arrangement som kafear, turar, basaren m.m. Styret har no 6-8 møter i året og handsamar saker som: gjev uttaler til kommunale planer, planleggjer arrangement for medlemmane våre, jobbar for å fremje universell utforming i lokalsamfunnet osv.
Hausten 2006 vart NHF Førde og omland lagt ned. Medlemmane i Førdelaget vart då overførte til vårt lag. Det vil seie at NHF Askvoll/Rørvik lag no har medlemmar frå Askvoll, Førde, Naustdal, Jølster, Gaular og Høyanger. Pr. i dag tel vi 72 medlemmar, og er eit av dei største laga i vår region (NHF Nordvest).