Søndagsskulen
- Om oss
Søndagsskulen
Kvammen søndagsskule
leiar Ann Britt Ålen
6983 Kvammen
Velkommen til Kvammen søndagsskule. Du finn oss i kapellet omlag to søndagar i månaden mellom 11.00 og 12.15. Vi har ein eigen plan for når tid vi møtast, og den ser du i kalenderen. Vi brukar å vere samla omlag 12 barn. Barna som møtast er frå 4 år og opp til ca 5.klasse. Nokre av dei eldste barna har oppgåver der dei td hjelper med registrering og praktisk hjelp med dei som er yngre. Vi startar opp med bibelhistorie, som vert formidla gjennom td. film, teikneplansjar eller barna dramatiserer forteljinga.
Søndagsskulen deltek og av og til i gudstenester. Då er vi med og syng, deler ut program, tenner lys ol. Vi har òg hatt hovedansvar for "Barnas Påskedag." Då har vi gudsteneste saman med andre søndagsskular i kommunen. Her deltek vi med drama og song. Ein gong i året er foreldrene med og har kyrkjekaffi (-saft) etter ei av gudstenestene der søndagsskulen har delteke.
Har du rette alderen er du hjarteleg velkommen til å bli med!