Laurdag 3. april vart det skipa til Førdefjorddag i bygda. Fleire lag og organisasjonar gjekk saman om å arrangere ein triveleg dag med aktivitetar både inne og ute. Det var fullt av folk i dei nye og fine lokala ved sidan av butikklokala til Stubhaug & Co. Her fekk ein kjøpe nyydelege kaker og kaffi. På ei stort lerret "rulla" flotte bilete som bygdefolk hadde sendt inn til den lokale fotokonkurransen. Kjekt å sjå!
Konsert med lokale krefter stod også på programmet. Ute kunne ein delta på natursti. Så kunne ein kjøpe T-skjorter med lokalt motiv. Både fastbuande og påskegjester var på plass. Og kven veit, kanskje var der potensielle tilflyttarar og såg seg om også? Rimelege tomter, båtplass, skule, barnehage, treningssenter, butikk, fotballbane og eit trygt og godt nærmiljø er nok kvalitetar folk set pris på. Førdefjorddagen bør bli årviss. Takk til dykk som har brukt tid og krefter på å få dette til!
 |
Kafé |
NHF Askvoll/Rørvik lag var ansvarlege for kaféen denne dagen og varta opp med kaffi og kaker til fornøgde kafégjestar. |
 |
Konsert |
Stinn brakke når Charlotte Larsen opna konserten med sjølvkomponerte sangar. |
 |
Publikum |
Store og små stimla til når konserten begynte |
 |
Musikkverkstad |
Leknes, Leknes, Kjosaas Leknes og Flatjord Gjelsvik imponerte med ei blanding av coverversjonar og eigenkomponert låt. |
 |
Margunn & Dei |
Marit Larsen, Marvin Gaye, Abba og ein nykomponert Førdefjordsang sto på låtlista til Margunn & Dei |
 |
Endeleg framme. |
Åsaholten er kanskje ikkje noko stor utfordring, men for ein gjeng med 4-5 åringar føles det godt å kome fram etter å ha gått det meste av turen sjølv. |
 |
Topp topptur |
Godt 20 personar var med på Helselaget sin tur til Åsaholten. Halvparten var 10 år og yngre. Då var det godt med nygrilla pølser og påskeegg fulle av snop. |
 |
Frå Åsaholten |