Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Innspel til Samfunnsdelen i kommuneplanen.

Topp toppturFørdefjordområdet har i dag ei positiv utvikling. Utflytte sambygdingar vel å flytte tilbake, bygge hus. I hovudsak er desse i etableringsfasen +/- 30 år. Dette er ei aldersgruppe som i siste 10 år har hatt stor folketalsnedgang i kommunen.

Grunnlag for vidare utvikling/folketalsauke i vårt område tek utgangspunkt i fylgjande punkt:

- Vi beheld skulen slik den er i dag
- Vi beheld Jokerbutikken
- Utvidar kommunalt byggefelt då dette er så å seie utseld for tomter. Dette er ein prosess kommunen er i gang med
- Kan tilby attraktive utleigebustader til dei som vil prøvebu i området.

3 av desse punkta: skule, byggefelt, utleigebustader kan kommunen hjelpe oss med. Det fjerde punktet, lokal butikk, vil ein bevare ved gjennomføring av dei andre tiltaka.

Dette saman med grunnleggjande tibod som mobildekning og breiband, stor aktivitet og engasjement i ulike lag og organisasjonar, ein tryggare veg forbi Hundsåna vil gje oss ei positiv utvikling. Kommunen må også oppretthalde eksisterande kommunale tilbod som til dømes kulturskuletilbodet. Dette tilbodet er eit døme på kva kommunen er god på. Når det gjeld kommunale tenester elles er vi på eit minimum. Helsetenester kan ikkje reduserast meir, då går det ut over tryggleik til innbyggjarane. Underbemanning hos ulike etatar gjer til at folk kan oppleve forseinka sakshandsaming og dermed vert frustrert. Dette kan føre til negativ omtale.

Askvoll kommune kan bli betre på det dei alt er gode på. Geografiske tilhøve tilseier at ein må skape bygdesentrum med vekst rundt desse. Døme på detter er Høgda der utgangspunktet var eit byggjefelt og ein butikk. Sidan har vi fått nytt byggjefelt, ballbane, sandvolleyballbane, Allhus og småbåthamn. All denne aktiviteten gjer til at det er her folk i stor grad vil busetje seg, og det er eit svært godt alternativ til bustadfelt på flatmark på Viebøen i Førde.

Som ein del av denne utviklinga flyttar det no folk utan røter i bygda til området. Denne muligheita bør ein spele vidare på.
Naturleg utvikling vidare er utviding av byggefelt, nye fasilitetar som t.d leikeplass, gangsti til Jokerbutikk. Dette er ein vekst som vi kan få til med samarbeid mellom kommune og bygdefolk.

For kommunen generelt kan Sentrum, Holmedal og Rivedal ved realisering av Dalsfjordbrua sjå meir til sørsida av Dalsfjorden og mogeleg utvikling i næringslivet der. Dette vil opne ein større arbeidsmarknad. Bulandet, Værlandet og Atløy kan spele på båt/turisme/fiske. Med tanke på næring har dette området eit stort potensiale med fiskeforedling, garnmontering og ein heil del mindre bedrifter. Kapital hos kystflåten kan skape stor næringsaktivitet i dette området. Denne typen industri ser ut til å ha eit større potensiale enn den etablerte mekaniske industrien ein finn på fastlandet. I tillegg er dette eit område som tilbyr det mange søker for rekreasjon. Fritidsfiske, turterreng og eineståande natur. Stongfjorden og Førdefjorden kan i stor grad sjå til Førde. I dag er det fleire som pendlar til Førde og arbeider der enn det er næringslivsarbeidsplassar i Askvoll. Dette kan nyttast i langt større grad. Vi er den einaste kommunen rundt Førde med folketalsnedgang, det er ingen grunn til at det skal vere sånn.

Kommunen har vorte flinkare til å handtere media, det kan dei bli enno flinkare til. Døme på dette er inntrykket vi satt igjen med etter Tall Ships Races. Askvoll kommune såg ikkje potensialet i dette, medan Vikingfjorden i Bygstad omfamna dette og skapte stor aktivitet, positiv merksemd og folk sat igjen med eit godt inntrykk av området.

Når potensielle tilflyttarar tek kontakt må ein gje tilbakemelding dersom de lovar det. Vi er ikkje så ekslusive at vi kan ta for gitt nye Askvollingar. Det bør finnast ei startpakke med info om kvalitetar i kommunen, potensielle stader og bu og liknande. Kommunen kan verke defensiv når det gjeld dette. De kan utfordre Velforeiningane til å utarbeide informasjon om dette.

3 mil unna kommunesenter ser vi at det er opp til oss sjølve å skape fritidsaktivitetar. Dei fleste aldersgrupper har tilbod fleire kveldar i veka. Vi tek i bruk heile området:

- Fellesaktivitetar i småbåthamna
- Organiserte fjellturar med helselag
- Aldersbestemt fotball
- Kulturskule
- Leirduegruppe
- Trimpostar på fjelltoppar
- ”Dametrim”
- Treningsrom
- Laurdagskafè
- 4H
- Jonasklubb
- Søndagsskule
…og heilt sikkert myyykje meir.

Felles for dei aller fleste av desse tiltaka er at dei vert gjennomførd på dugnad av grupper som engasjerer seg. Dette engasjementet skal ein ikkje undervurdere når ein kjem til livskvalitet. Følelesen av å lukkast, få gjennomført noko er noko vi i (økonomisk) samarbeid med kommune kan tilby som ein kvalitet ved å bu i området.

Til slutt må eg sei at som leiar i Førdefjorden Vel opplever eg kommunen imøtekommande og initiativrik i mange saker. Vi har god dialog og vi vert høyrde. De må gjerne høyre enno meir på oss, for skal ein komme over 3000 innbyggjarar igjen trur vårt område er svært viktig!

(Sist oppdatert 04.juni 2010, 19:43)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel