Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Førdefjorden Vel på Bygdeforum i Botnane og Årebrot

Førdefjorden Vel har gjennomført tre år i Bygdeutviklingsprogrammet i regi av landbruksavdelinga til Fylkesmannen. Siste helga i mai var det bygdeforum i Botnane og Årebrot. Der var det duka for fagleg påfyll og festmiddag, før det heile vart avslutta med at Førdefjorden Vel og Botnane og Aarebrot grendalag vart takka av av landbruksdirektør Christian Rekkedal.

Turen og opphaldet i seg sjølv er det verdt å gje arrangørane ros for. Folk flest har nok ikkje køyrt gjennom desse bygdene. Då er det større sjanse for at du har passert dei sjøvegen, all den tid dei ligg vis a vis Kalvåg. Med 5 mil til nærmaste butikk, ein skule som Florø vedtek å legge ned og Bremanger vedtek og oppretthalde og ein vegstandar som får Eidsfjorden til å følast som ein 4 felts motorveg seier det seg sjølv at dette området har utfordringar av ein annan art enn det vi har her langs Førdefjorden. Når dei i tillegg har 27 gravrøyser som kulturavdelinga hos Fylkesmannen set pris på, er det mange omsyn å ta for vidare utvikling av området.

Grendalaget i Botnane og Årebrot har gjort godt arbeid gjennom denne perioden. Ein sit att med inntrykk av at det har vore stor evne til gjennomføring/fullføring. Til liks med vårt område har dei nokre handlingskraftige eldsjeler som har ein finger med i det meste som skjer.

Når det gjeld status for Førdefjorden Vel sitt arbeid i denne perioden har vi også fått realisert og påbegynt dei aller fleste prosjekta. I sum har det vore med å auka fritidstilboda til oss som bur her. Vi håpar også dette er med og gjer oss attraktiv med tanke på tilflytting.

Når det gjeld programmet på sjølve bygdeforumet var det nokre foredrag som merka seg ut. Frank Aarebrot, med røter frå bygda, både provoserte og engasjerte då han snakka om Sogn og Fjordane og lokalsamfunnsutvikling her. Wenche Schanke Eikum utfordra oss når det gjaldt bruk av media. Dei fleste bygder har mykje å lære når det gjeld å vere bevisst i forhold til mediaomtale. Steinar Sørli frå Åmot Gard heldt eit inspirerande foredrag om kva dei hadde fått til med noko så smalt som kammeropera på eit tomt gardstun i Bygstad. Med dette i tankane skulle det vel by seg uana muligheiter etter kvart som folk ikkje ser seg tent med å halde fram som bønder her i bygda?

Alt i alt sit ein att med eit godt inntrykk av Botnane og Årebrot og det dei har fått til. Fylkesmannen sitt arbeid med å styrke småbygder med ulike utfordringar må ein og gje applaus. For Askvoll kommune er det gledeleg at Stongfjorden no er teke opp i dette programmet. Dei har mykje av dei same muligheiter og utfordringar som oss, men har kanskje eit enno større potensiale når det gjeld næringsutvikling. Lukke til!











(Sist oppdatert 10.juni 2010, 12:17)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel