Førdefjorden Vel

Gjelsvik skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Skulen og barnehagen sin grillfest

Skulen og barnehagen hadde felles grillfest 14.06. Med flott vær, rikeleg med grillmat og nok tennvæske låg forholda til rette for ei triveleg stund. Etter at god mat, kaffi og kaker var fortært var det tid for rektor til å takke eit nytt flygedyktig kull med 10. klassingar for flotte år på skulen. Ho helsa samtidig 6 åringane velkommen som førsteklassingar til hausten. Etter dette framførte heile barnehagen ”Eg gjekk ein tur på stien” og ”Fader Jakob” kanon. Dei var kjempeflinke. Dei avslutta det heile med følgjande regle: ”Petter Dass, Petter Dass. Kjørte 24 lass. Over is, over is. Over rumpa på ein gris.” Fantastisk bra!











(Sist oppdatert 15.juni 2010, 09:19)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel