Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Parkeringsplass ved gravplassen i Gjelsvik

Etter mange år i det politiske systemet er endeleg parkeringsplassen ved gravplassen realisert. Tidlegare har det berre vore mogeleg for 10-11 bilar å parkere oppe ved Krinsmyra, elles har folk parkert på alle tenkelege og utenkelege plassar. No skal det vere mogeleg å plassere nærare 30 bilar ved brua før siste stigninga. Framleis gjenstår det å sette opp gjerde langs elva. Kostnaden og arbeidet med dette er Velforeininga sitt bidrag i dette prosjektet.

Når ein no kan plassere rundt 40 bilar til saman på ny og gammal parkeringsplass kan det vere greit at eldre og sjuke kan parkere oppe på sjølve Krinsmyra, medan folk elles brukar dei nye plassane. Ein kan også ha i tankane korleis ein set frå seg bilen så flest mogeleg får kortast mogeleg veg å gå.

Austsida av vegen
Austsida av vegen
Her skal det vere parkeringsplass til 18 bilar fordelt på to rekker.

Vest for vegen
Vest for vegen
Her er det parkeringsplass til 10 bilar i ei rekke.
(Sist oppdatert 16.juli 2010, 13:36)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel