Sidan vi er ferske i faget var det nettopp ei overskrift som dette standen mangla. Nokre såg nok ikkje kva vi kunne tilby, men mange stoppa for ein god prat der vi fekk formidla bodskapen vår. For å gjenta dei viktigaste punkta i denne bodskapen:
- Byggjeklare utsiktstomter til ei krone. Tilbodet varer ut 2011.
- Veg, vatn og avlaup fram til tomtegrensa
- Sikker barnehageplass, barne og ungdomsskule 4 kilometer unna.
- Daglegvarebutikk, ballbaner, trimrom og leikeplass eit steinkast unna, viss du er god til å kaste stein.
- Regionssenteret Førde ligg 30 minutt unna.
Andre tilbod i området:
- Småbåthamn med ledig båtplass
- Badeplass med universell utforming
- Leirduebane
- Fantastiske turmuligheiter langs strandsona og på fjellet
Kontakt Askvoll kommune på 57730700 eller Førdefjorden Vel , tormselv@online.no om noko av dette er interessant.
![]() |
Tomtesalg |
Potensielle tomtekjøparar sto i kø. |
![]() |
Førdefjorden vel sin stand på boligmessa. |
Blide og fornøgde, men kva gjer ein representant frå Norgeshus Naustdal bygg på dette bildet? |
![]() |
Profilering |
Messegeneralen poserer stolt i Førdefjorden t-skjorte. |