På programmet stod hesteriding, natursti og grilling i solveggen. Rådmann Svein Festervold stod for den offisielle opninga av sjølve dagen der han innleia om utfordringar og muligheiter for Askvoll kommune generelt, og bygda vår spesielt. Vi vil takke han for at han sette av påskeaftan til dette.
I tillegg stod musikkverkstaden for mange flotte innslag. Imponerande å sjå 1. klassingar som med sjarm, entusiasme og eit grep på gitaren (E-moll) fekk publikum i godlune. Vidare fulgte ulike band som leverte god musikk, i hovudsak rock ’n’ roll. Til slutt kom 2 band med 10. klassingar som rett og slett imponerte. Takk til utøvarane og til Øyvind som regisserte det heile.
Etter programmet innandørs tok Helselaget oss med på tur til Åsaholten. De grilla vi og åt opp påskeegga til ungane. 25 turdeltakarar i alle aldersgrupper var alle einige i at det hadde vore ein fin
tur.
Takk til alle som bidrog og til alle som møtte fram!
![]() |
Hesteriding |
Populært med hesteriding. Monica Stubseid stilte med 2 hestar, ein ponny og ein Nordlandshest på Førdefjorddagen. I løpet av to timar fekk alle ri så mykje dei ville. |
![]() |
Fjelltur |
Flott tur til Åsaholten |
![]() |
We will rock you! |
Bilder frå musikkverkstaden sine innslag. |



