Førdefjorden Vel

Nordre Askvoll Helselag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Motbakkeløpet





30. august arrangerte Nordre Askvoll Helselag Dyrehovden over. Dette har vorte ein god tradisjon og er eit godt alternativ til meir kjende og lengre motbakkeløp. Turen opp er passeleg lang og konkurranseinnstinktet er på eit moderat nivå. No kan ikkje Helselaget lokke med premiar i samme størrelse som på Skåla og Storehesten, men dei som ville kunne gå vidare ut til grendahuset i Flokeneset der 10. klasse selde mat.

Grunna dårleg vær var det romsleg på startstreken. 13 deltakarar stilte, og vinnar vart Andreas Haug på tida 10.05. Han var omlag eit halvt minutt bak løyperekorden til Tore Storehaug frå i fjor.



(Sist oppdatert 01.september 2011, 08:56)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel