Styret har vore samansett slik:
- Tormod Selvik, leiar
- Steinar Bråstad, nestleiar
- Bente Nymoen Selvik, styremedlem
- Sissel Grytten, styremedlem
- Ingvar Osland, styremedlem
- Bjarte Selvik, styremedlem
- Karl André Gjelsvik, kommunerepresentant. Frå nyttår tok Venke Nordeide over.
- Siv Flatjord, skrivar
Varamedlemmer: Anne Leknes Gryte og Oddny Osland
Aktivitet:
- I året som har gått har vi hatt 4 styremøter, i tillegg mykje kontakt via sms og epost.
- Vi har saman med kommunen arrangert eit informasjonsmøte om bergverksdrift på Engebø.
- Vi arrangerte Førdefjorddagen i påska. Dette vil vi gjenta men truleg forandre på innhaldet. Kom gjerne med innspel!
- Vi driftar bygdeportalen fordefjorden.no. Denne er godt besøkt, men lag og organisasjonar må bli flinkare til å bruke aktivitetskalender og synleggjere seg sjølv på desse sidene. Vi treng gode idear til korleis ein kan få opp aktiviteten sida. Ein aktiv/oppdatert bygdeportal kan vere svært god reklame for bygda.
- Kystarven er eit verdiskapingsprosjekt i HAFS-kommunane. I dette inngår det eit turstiprosjekt der velforeininga og helselaget samarbeider i vårt område. Stiane til Blegja, Markahengenipa og Dyrehovden er GPS-registrert, rydda og merka. Vi har fått godkjent parkeringsplassar og fått løyve til å sette opp informasjonsskilt ved startpunkt. Kart for heile området skal vere klart til sommarsesongen.
- Vi har sendt merknad til samfunnsdelen i kommuneplanen. I grove trekk gjekk denne merknaden ut på det manglande fokuset kommunesenter/administrasjon/politikarar har på muligheitene arbeidsmarknaden i Førde har for Førdefjorden og Stongfjorden.
- Innspel til endring av ruteplan. Vi bad om at arbeidsruta som gjekk frå skulen 0630(?) om morgonen og korrenspoderte med ekspressbåten til Bergen på retur til Askvoll vart starta opp att. Viss dette ikkje vart gjennomført bad vi om at skuleruta som kjem til Førde 0815 også går i skuleferiane. I tillegg ynskjer vi at kveldruta frå Askvoll skal gå kl 1905 som elles i veka og ikkje 1745 som den gjer i dag. Dette for å korrenspodere med ekspressbåten som kjem frå Bergen.
- Vi har bede kommunen starte arbeidet med utviding av byggjefelt på Høgda. Dette har drege ut. Det er over eit år sidan landskapsarkitekt var på synfaring i området men varsel om oppstart har enno ikkje kome.
- Vi har utfordra kommunen til å asfaltere to korte strekningar, vegen opp til butikken og ned til skulen. Opp til butikken vart det asfaltert og vi ber om at skulevegen vert teke dette året.
- Etter uværet i romjula har vi sendt skriv til kommunen der vi ber om tiltak som vert sett i verk ved stenging av Fv 609. Mange har gjeve tilbakemelding om dårleg informasjon og regularitet ved ekstraferjer som vart sett inn mellom Eikenes –Dale. Ved stenging av vegen bør ein ha ekstra ferjeavgangar til faste tider så reisande veit når ein kan krysse fjorden. Vi har bede kommunen ta dette vidare til rette instans. Vi ser det som vanskeleg å kunne opprette båtrute frå Hestvik-Heilevang ved vegstenging
- Norconsult arbeider med ein rapport som skal analysere behov og muligheiter til kryssing av Førdefjorden. I første omgang er det snakk om ei båtrute/arbeidsrute frå Askvoll kommune til Florø. Vi har sendt innspel der vi meiner ei slik rute må gå frå Flokeneset. Vi argumenterte med at dette er enkelt å knyte saman med eksisterande båtrute i Florøbassenget og at ein ikkje er så utsett for vær som om ruta skulle gått frå Askvoll og krysse Stavfjorden. Ei slik båtrute vil opne ein ny arbeidsmarknad for kommune, og den vil gje elevar ved vidaregåande skule i Flore muligheit til å bu heime. Ved eventuell oppstart har vi poengtert at ein må gje ei slik rute tid til å skape eit passasjergrunnlag med tanke på busetjing og arbeidsplassar.