Ulike lag og organisasjonar hadde høve til å vise seg fram med plakatar med informasjon. Leirduegruppa hadde laga ein flott video som rulla og gjekk heile dagen.
Grisebingoen samla mykje folk. Pengane sat laust i jakta på å kjøpe den ruta ein trudde grisen kom til å gjere frå seg i. Dette er fort gjort tenkte bonden i det han slepte ut grisen. Toppen 5 minutt. Men grisen hadde andre planar. Kanskje litt sjenert over alle folka, eller kanskje frydefull over all sanden han kunne rote i brukte han ein time før vi endeleg kunne rope BINGO! Vinnarane var Torstein og Ragnar Tjugum frå Førde, på 7 og 4 år. Premien var kr 500, ein kan kjøpe ganske mykje is for så mykje pengar.
Ein kunne også tippe vekta på grisen. Forslaga varierte frå godt 50 kg til knappe 200kg. 112,9 var rett svar og den som var nærast hadde tippa 112,6.
Jan Kåre Ravnøy hadde demonstrasjon i bruk av gjetarhund. Dette var populært. Flott samspel mellom eigar og hund.
Dagen vart avslutta med Helselagstur til påskefjellet. Ein god flokk gjekk frå butikken til Ulveskaret og vidare utover skogsvegen til ”Kamben” Her brente vi bål og pølser og hadde det eigentleg veldig bra.
Takk til alle som bidrog og til alle frammøtte.
![]() |
Sauegjeting |
Foto: Steinar bråstad |
![]() |
Grisegjeting |
Foto: Steinar Bråstad |
Det var rett før vi måtte hente hunden til Jan Kåre for å få grisen på plass i kassen. |
![]() |
I aksjon |
Foto: Steinar Bråstad |
Mens vi venter... |
![]() |
Griseflaks |
Foto: Steinar Bråstad |
Kjekt å samlas rundt grisebingen. |
![]() |
Helselagstur til "Kamben" |
Foto: Sara Osland |
Flott tur som passa alle. Dei to minste var 3 år og klarte turen fint med pølser og påskeegg som motivasjon |