Kvammen kapell
- Nyhende
Kvar vart det av kyrkjeblad?
Har kyrkjeblad forsvunne på veg ut frå Førde, - igjen?
Nei, men nytt kyrkjeblad er under arbeid! Det har ikkje kome ut kyrkjeblad i år og difor tok soknerådet no haust og kalla inn den tidlegare redaksjonen samt nokre nye aktuelle redaksjonsmedlemer. Frå kyrkjelyden vår er Margunn Gryte representert. Har du idear til tema, sit du på gode og aktuelle bilete eller har du anna du ynskjer skal kome i bladet er det berre å ta kontakt. Den nye redaksjonen satsar på å få ut nytt blad i god tid før jul.
(Sist oppdatert 21.oktober 2012, 22:55)
Gå til nyhendearkiv