Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Viktig folkemøte om butikken

Måndag 24. februar oppfordrast alle i bygda til å møte på informasjonsmøte på Høgda angåande eigarsikfte av Stubhaug & Co / Joker Kvammen.
Etter meir enn 35år med drift på Høgda ynskjer Ole og Anne Lise å selje butikken. Kva driftsform det vert vidare er ikkje avklart. Det mest vanlege forma ved eigarskifte av Nærbutikkar er at bygda går inn med kapital og dannar eit A/S, ein folkebutikk, som driftar butikken. Førdefjorden Vel har vorte utfordra til å ta dette vidare, og i det høve vert det folkemøte på Allaktiviteshuset måndag 24. februar kl. 20.

Ronny Mowatt, konsulent i Merkur-programmet, vil informere om ulike måtar å løyse dette på og fortelje om erfaringar frå andre folkebutikkar. Det vert sett av god tid til spørsmål og diskusjon.

Nærbutikken har vore sentral i utviklinga av bygda vår. Vi har i dag ein funksjonell butikk med godt vareutval, postteneste, tipping og sal av drivstoff. Knytt opp mot dette har vi Allaktivitetshuset og dei tilboda ein finn der, ballbaner og leikeplass.

Inntrykket er at bygdefolket sterkt ynskjer vidare butikkdrift i liknande form som i dag, gjerne kombinert med drift på storkjøkkenet på Allaktivitetshuset. Butikken er bygda sin viktigaste møteplass og vi kan sjå dette som ein muligheit til å skape enno meir aktivitet i lokala.

Vi oppfordrar alle til å kome på folkemøtet. Det er viktig å høyre bygdefolket sine tankar om korleis ein skal møte denne utfordringa og korleis ein skal drive butikken vidare.
Kvammen Allaktivitetshus måndag 24. februar kl. 20

Førdefjorden Vel vil og informere om arbeidet som vert gjort med tanke på rassikring ved Hundsåna.


Vel møtt!

Førdefjorden Vel
(Sist oppdatert 12.februar 2014, 19:42)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel