Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

fordefjorden.no

Dei er glede og ei ære å kunne klippe navlestrengen til bygdeportalen for Førdefjordområdet. Det har vore ein lang og trang fødsel men no føler vi at vi har eit produkt som tåler dagens lys. Det føles spesielt godt å kunne slå Askvoll kommune på målstreken når det gjeld å vere på nett, og vi vil takke lag og organisasjonar for bidrag til denne sida.

Men dette er berre starten. Sida er langt frå ferdig og no treng vi hjelp frå deg til å forme sida vidare. Spesielt viktig er det at aktivitetskalenderen vert oppdatert. Vi forventar at de melder i frå om aktivitetar, store og små, så vi alle kan bruke sida til å halde oss oppdatert. Vidare tek vi imot bilder, nyheter og elles ting de har lyst å lese om på denne sida.

Under kultur og historie står det i dag fint lite. Tanken er der at de skal kunne bidra med tekst og bilder, gjerne frå eldre dagar. Begrepet kultur og historie femner vidt og det er du som lesar som skal vere med på å bestemme innhaldet på sida .

Det har i fleire år vore arbeidd med ideen om ein lokal nettstad. Området er for tida med i eit bygdeutviklingsprogram og eit av måla der er ein nettstad som skal presentere bygda. Finansieringa av nettstaden er gjort ved hjelp av BU-midlar.

Vi håper at desse sidene vert til glede for bygdefolket. Samtidig håper vi at vi presenterer området på ein måte som gjer at folk vurderer å flytte hit.

(Sist oppdatert 25.september 2008, 22:37)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel