
Demenskontakt i fylkeshelselaget og høgskulelektor Merete Dale, opprinneleg frå Narvik, køyrde frå Sogndal for å medverke med sin faglege og personlege kompetanse om Demens. Merete fortalde at i Noreg er det over 70 000 personar med demens. Når ein tenkjer at kvar av desse har 3 – 4 nære pårørande så seier det seg sjølv at det er mange som er involvert når ein person i familien har fått denne diagnosen. Dale fortalde på ein gripande måte om symptomar og korleis det er å vere pårørande. Ho la vekt på kor viktig det er å ha eit godt samarbeid mellom helsepersonell, den sjuke og pårørande.
Elevar frå kulturskulen på Gjesvik skule opptredde med flotte innslag.


Leiar for helselaget informerte om arbeidet til Nordre Askvoll Helselag dette året. Her vart skulelunsjen, syng med oss og laurdagskafe trukke fram.
Styret er spesielt nøgd med deltakinga på turane dette året. Oppsluttinga har vore stor med om lag 965 deltakarar. Dette har vore 245 ulike personar, nokre har gått ein tur andre har gått fleire. Alle har blitt nedskrivne i loddbøker og kunne vere med å vinne ulike gevinstar.
Hovudgevisnsen var eit gåvekort på kr. 500.- på MX i Askvoll, som gjekk til Kjerlaug Gjelsvik. Det vart vist bileter frå årets turar.
Turbilder 2008
Styret har i samarbeid med nærmiljøsentralen i Askvoll fått over 10 påmeldingar til middag i kombinasjon med handletur på Høgda. Dette er ikkje kome i gang fordi Askvollheimen ikkje har kapasitet til å lage ekstra middag. Styret jobbar med ulike andre alternativ og voner å komme i gang med ordninga.
Til slutt var det åresal og trekking frå loddsalet. Hovudgevinsten, ein stor handbrodert juleduk vart vunnen av Unni og Terje Selvik.

