Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Informasjonsmøte om Engebøprosjektet

Torsdag 4.desember var det informasjonsmøte om Engebøprosjektet. På initiativ frå Nordic Mining og Askvoll kommune hadde Førdefjorden Vel organisert møtet og til tross for vanskeleg tidspunkt, 1800, var det nær 40 frammøtte. Kanskje eit teikn på at det minkar på bøndene i bygda?

Sjølv om dette er eit prosjekt som ligg i Naustdal kommune angår det i høgste grad området vårt. Fjorddeponiet og støy er noko som vil påverke oss i like stor grad som på nordsida av Førdefjorden.

Frå Nordic Mining møtte Adm.dir Ivar Fossum og prosjektleiar Ottar Nakken. Frå Norsk institutt frå vannforsking møtte Jens Skei, som er koordinator for konsekvensutgreiinga. I tillegg møtte Aud Kari Steinsland frå kommunen.

Møtet starta med innleiing og presentasjon av Nordic Mining ved Ivar Fossum. Vidare hadde Jens Skei ein presentasjon av status for konsekvensutgreiinga. Ei rekke faginstansar er involvert i denne utgreiinga som inkluderer mellom anna støymåling, busetjingsanalyse og konsekvensar av fjorddeponiet.. Konklusjonen så langt, etter at om lag ¾ er ferdig, er at dette i liten grad vil ha miljømessige konsekvensar hevda Jens Skei.

-Fjorddeponiet vil ved anleggsslutt dekke eit område på 4 km2, og bygge 100 meter over neverande fjordbotn på det høgste. Det er i dag 300 meter djupt utanfor Engebø. Straumforholda og partikkelstørrelse på massen tilseier at dette vil ligge stabilt på botn
- Oppdrettsanlegg vil ikkje verte påverka av denne massen
-Støy vil vere eit lite problem. Målingar viser at støy frå dagbrotet vil vere rundt 50dB på sørsida av fjorden, noko som tilsvarar ei skjære på 50 meters avstand. Det vil ved slutten av kvart dagskift sprengast i dagbrotet
- Gjøringbøskolten vil ikkje verte påverka av sprenging i Engebøfjellet
- Lasting av massar vil skje 1-2 gonger kvar månad



Det vart kommentert frå salen at det heile verka nesten for rosenrødt. Dessverre for møtet måtte Jens Skei gå før han fekk svart på alle spørsmål

Vidare fortalt Ottar Nakken om status for prosjektet og planar vidare
- Konsekvensutgreiing skal vere ferdig i januar/februar og deretter skal den ut på høyring i Askvoll og Naustdal kommune.
- Er kommunane positive ser dei føre seg ein produksjonsstart i 2013
- Drifta vil gje arbeid til rundt 170 personar

Det er viktig at området vårt vert teke med i det vidare planarbeidet både når det gjeld informasjon og tilrettelegging frå Nordic Mining, og mulighet til at dei som vert berørt av prosjektet kan komme med innspel i den komande høyringa.


(Sist oppdatert 14.desember 2008, 16:07)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel