Førdefjorden Vel

Sjøstjerna 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

2 flotte dagar med fantastiske 4H-arar !

Sjøstjerna 4-H hadde besøk av ca 45 deltakarar frå nordisk leir frå 24-25.juli !

Av Randi







Dei fekk mykje god mat, kjekke aktivitetar og nye bekjentskap mellom Sjøstjerna 4H og klubbane
som kom til oss frå Møre og Romsdal, Trøndelag og Finland.
Gjelsvik skule var "base". Her var dei innkvarterte med soveposar på klasseromma og matservering i hallen.
Vi grilla om kvelden, rikeleg god mat til alle.

Foreldra stilte opp og laga mat, var med på aktivitetane, gjekk nattevakter osb!

4-Hmedlemene våre var og med på aktivitetane og stod td. for volleyball i gymsalen.
Synd for alle som var vekkreiste på ferie og anna, for dette var både moro og inspirerande!

Vi hadde delt deltakarane i 3 grupper, som fekk vere med på båttur/fisketur med Trond og Tommy. Det vart
litt konkurranse om kven som greidde å få størst fiskefangst.(usikkert kven som vann)
Det vart i alle fall rikeleg makrell som vart steikt i folie på grillen. Den smakte veldig godt!

Tur og omvisning av kraftverk, rørgate osb. ved Kvernhusvatnet og Skorven var ein del av opplegget.

Steiking av melkekaker og natronkaker var eit svært populært innslag. Her hadde vi litt
hjelp frå bygdekvinnelaget ved Magnhild Hegrenes og Marit Leknes.
I tillegg hjelpte Helene Leknes til her.


Som dei fleste har fått med seg vart desverre leiren avlyst, så det var ein skuffa
gjeng som reiste tilbake til Breim laurdagen. Dei hadde ikkje lyst til å reise heimatt .
Men for oss i Sjøstjerna 4H trur eg det er berre positive minner å sjå tilbake på !

Vi tok litt bilder som viser litt av aktivitetane ! Håper vi får lagt ut litt på sida til 4 H.

Takk for at eg fekk vere med og hjelpe til !

Bilder
(Sist oppdatert 11.august 2009, 23:16)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel