Bergverksdrift i Engebøfjellet kan få både positive og negative konsekvensar for bygdene langs Førdefjorden. Mange nye industriarbeidsplassar i umiddelbar nærleik vil ha positive ringverknader for deler av det lokale næringslivet og føre til auka busetjing og aktivitet på Askvollsida av Førdefjorden. Tiltaket vil ha positiv effekt på elevtalet i skule/barnehage, kommunal infrastruktur og økonomi. Alt dette er gode, tungtvegande argument.
Usikkerheit i hovudsak knytt til deponering av enorme mengder overskotsmassa i Førdefjorden og støy, gjer til at mange likevel er svært negative til prosjektet. Ein veit for lite om konsekvensane dette vil kunne få for eksisterande næringsverksemd (fiskeoppdrett, yrkesfiske, turistverksemd mm); kanskje vil dei måtte avvikle?
Førdefjorden Vel representerer nok innbyggjarane når dei deler seg i to i synet på om dette er eit prosjekt ein bør vere mest positive eller mest negative til. Ein er likevel heilt einige om noko; før Askvoll kommune eventuelt vel å vere positive til prosjektet må ein stille klare krav til utbyggjar. Desse krava må vere:
- Vidare utgreiing om effekten lyd/trykkbølger ved sprenging har på fisk i oppdrettsanlegg, i tillegg til korleis villfisk vil reagere. Det må settast ut måleutstyr i fjorden og gjennomførast prøvesprenging for å få ein reell vurdering av dette. Dersom det viser seg å ha negativ påverknad for oppdrettsanlegga eller anna næringsverksemd i Førdefjorden må sprengingsmønsteret endrast.
- Avtale med utbyggjar om at støyberekningar gjort i konsekvensutgreiinga må vere eit utgangspunkt for akseptert støynivå. Ved gjentekne målingar som er høgare enn dette må det det setjast i verk ekstra tiltak for støydemping.
- Verksemda må ikkje ha driftsaktivitet som kan skape støy på raude dagar/helgedagar/på natta
- Avtale med utbyggjar at dei heile tida jobbar for ei auka utnyttingsgrad av overskotsmassane.
- Avtale med utbyggjar om at dei skal betale ”deponeringsavgift” til Askvoll kommune, setje av midlar i eit næringsfond relatert til prosjektet, jobbe for betre infrastruktur og vere ein aktiv støttespelar i kulturlivet for å auke bukvaliteten til lokalbefolkninga.
- Med utgangspunkt i dei konsekvensane ei eventuell utgliding/ras i Gjøringbøskolten vil ha, må det settast ut måleutstyr som kan registrere forandringar i fjellsida, ein må ha tett oppfølging av NGI og ein beredskapsplan.
- Uhell som kan gje utslepp av avgang i overflata/øvre vannlag i fjorden må føre til umiddelbar stans av drifta. Det må sjølvsagt også foreligge ein beredskapsplan for dette.
Det kan IKKJE vere godt nok at selskapet skal ”prøve” å få dette til. Avtalane må være forpliktande for Nordic Mining og for eit evnt. driftsselskap.