Førdefjorden Vel

Allaktivitetshuset - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Opning av treningsrom

Laurdag 6. februar var det storstilt opning av trimrommet på Allaktivitetshuset. Mathias Råheim møtte frå Gjensidigestiftelsen for å overlevere ein sjekk på kr. 140.000. Dette er pengar som huset vart tildelt for om lag eit år sidan og som har gjeve synleg resultat i form av eit flott treningsrom med godt utval av treningsapparat. Nordre Askvoll Helselag har også gått inn med midlar til kjøp av utstyr. Opninga var svært godt besøkt. Store og små nytta høvet til prøveturar på dei ulike apparata. Viljen til å prøve var nok størst hos dei små.

I treningsrommet er det høve til både styrke- og kondisjonstrening. Tilgang til rommet får ein ved å kjøpe årskort til kr 800 eller halvårskort til kr 500. Kontakt Trond Selvik, 97 05 65 93, om du ynskjer dette.



















(Sist oppdatert 18.februar 2010, 13:35)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel