Førdefjorden Vel

Kvammen kapell - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Nytt konfirmantkull

Familiegudsteneste med dåpsbarn, 5.klassingar og konfirmantar

Søndag 11. september 2011 var dåpsdagen til Lone Hestvik Osland. Denne dagen var det familiegudsteneste i Kvammen kapell, og Lone vart døypt av Stein Hugo Fykse.
Elevane i 5.klasse fekk Bibel frå kyrkjelyden og soknepresten både song og snakka med elevane om boka med alle bøkene.

I preika trekte Stein Hugo m.a. fram ei lita historie om ein gut som såg ein kristen hest i hagen. Fleire drog på smilebandet då samanhengen vart forklart, hesten hang med hovudet. Noko til ettertanke?

I alt ni konfirmantar kom fram og vart presenterte med djupe bukk og forsiktig neiing.

Kyrkjelydsutvalet inviterte til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Her vart det meir informasjon om planane for konfirmasjonstida. I år får konfirmantane tilbod om å vere med både på nattcup og konfirmantleir. Sjølve konfirmantundervisninga er lagt utanom skuletid i samband med Jonas-klubben om torsdagane.

Foreldra kom med sterke ynskje om å få endra konfirmasjonsdagen i mai. Dette ville soknepresten vurdere og kome med tilbakemelding om seinare.





(Sist oppdatert 20.september 2011, 00:01)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel