Førdefjorden Vel

Førdefjorden Vel - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Førdefjorddagen 2013

Påskeaftan vart Førdefjorddagen arrangert for fjerde gong. Nok ein gong var dette eit arrangement utan påkosta sprell, men men der ein med enkle grep bydde på noko vi ikkje driv med til vanleg. 10. klasse hadde kafè og pølsegrilling på bålpanne, 4H hadde natursti, Velforeininga spanderte hesteriding og Helselaget hadde fjelltur.

Men viktigast av alt, folk spanderte av seg sjølv. Der eg trudde vi gjerne vart ståande å sjå på kvarandre og lure på om nokon ville prøve seg på "Car-pulling", vart det neste kamp om å vere neste mann eller kvinne ut. I ein time drog ein bil, så både svette og tårer rann. Drivkrafta kunne umuleg gåvekortet på 400 kroner hos Joker, men heller eit ønske om uskuldig moro. I fullt firsprang, med bil og Firda-journalist i hælane prøvde både store og små, fastbuande og påsketuristar seg. Nokon syns det var så moro at dei måtte prøve ein gong til.

Som avslutning på aktivitetane på dagtid var det premieutdeling. Johanne og Sigurd Selvik vann naturstien. Margot Ryum vann Fotokonkurransen. Håkon Nymoen Selvik og Nikolai Leknes vann herreklassen i Bildraging, Bente Kjosaas Leknes og Hilde Gunn Bråstad vann kvinneklassen. Beste deltakarar som drog åleine var Martin Kjosaas Leknes og Anne Leknes Gryte.

Årets Førdefjordingar 2013 vart Marit Leknes Gryte og Jostein Gryte. Dei fekk prisen med følgande begrunning:

"I 2012 har både Marit og Jostein Gryte trekt seg tilbake frå leiaransvaret i søndagsskule og Jonasklubb. Dei har gitt barn og unge eit stabilt, trygt og godt tilbod i mange år! Jonasklubben starta Jostein då han kom hit for over 30 år sidan, Marit har drive søndagsskulen i 17 år.

Ein del foreldre er med og tek leiaransvar når eigne ungar er aktive, både Marit og Jostein har stått på lenger enn det, mykje lenger enn ein kan forvente. Barne- og ungdomsarbeidet som desse to har lagt ned er med på å styrke nettverk, sjølvkjensle og identitet til dei som har brukt dei ulike tilboda."

Hesteriding
Hesteriding
To timar med hesteriding var nok til at dei fleste cowboys og girls fekk så mange turar dei ville ha.

Tunge tak © Foto: Øyvind Selvik
Tunge tak
Foto: Øyvind Selvik
Car-pulling eller bildraging, kjært barn har mange namn. Ein blir utkjørt av å dra ein bil.

Årets Førdefjordingar © Foto: Steinar Bråstad
Årets Førdefjordingar
Foto: Steinar Bråstad
Marit og Jostein vart "Årets Førdefjordingar" for barne- og ungdomsarbeidet dei har drive i kapellet gjennom fleire tiår. Vel fortent!

Helselagstur © Foto: Øyvind Selvik
Helselagstur
Foto: Øyvind Selvik
Fin familietur til Kamben avslutta programmet på dagtid.
(Sist oppdatert 01.april 2013, 15:39)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel