Førdefjorden Vel

KVERNHUS PÅ GARDANE I OMRÅDET FRA FLOKENES TIL OSLANDSBOTTEN I ASKVOLL KOMMUNE

Ved Arne Klakegg.

På garden Flokenes, 98/1, har det vore gardskvern i Flokeneselvafrå umminelege tider. Elva her renn ut frå Vasslivatnet, gjennom nokre tjern og ut i Ytre Vågen. Det har vore dyttingar både i Vasslivatnet og tjerna, så her var det kvernvatn om det ikkje auste ned. Kverna var i bruk til ut i trettiåra, kom så til
nedfalls, og no står berre grunnmuren att.

I Merkesvikeelva på garden Merkesvik, 107/1, var det i eldre tid kvern. Det er ikkje visn etter noko no, men ein dam i elva der vert kalla Kvernhushølen.
I Nervik, 108/1, der det kjem fleire elvar ned, har det vore flytt på kvernhusa frå den eine elva til den andre. Etter som det vert fortalt var fyrste kverna i ei grov i Storehola. Så vart det bygt kvernhus i Myraelva på plassen Kvia. Her var det større elv og med dytting i Nerviktjerna, hadde ein jamt godt med vatn. Det er tydeleg merke på staden der kvernhuset stod. Kring 1908 vart det, i samband med bygging av nytt sagbruk, også bygt kvernhus i Nervikelva attmed gardstunet. Dette var eit solid tømra hus, med god kvernkall og eit veldig langt slåk, (vassrenne), rikeleg med vatn og dermed god kraft. Huset vart rive under siste krig. Kvernsteinane og murane er der enno.

I eldre tider var det mange kvernhus i Vågeelva på garden Vågane, 109/1-2. Der riksvegen går over Vågeelva, er det ein lang foss. Her stod det kvernhus etter kvarandre. Hertil kom folk langveges frå for å få mele sitt korn og kløyvt sitt malt. Det er truleg at nemninga Kvervågastrand kjem av denne valfarten. Siste kvernhuset som var i elva, stod ved fossen ned med sjøen. Det var i bruk til ut i tjueåra. No er herre restar att.

Gardane på Osland, 110/1-2-3, hadde si kvern i elva mellom Oslandsvatnet og Stangsvatnet. Då Stangsvatnet vart oppdemd kring 1907, gjekk denne tapt. Den årlege godtgjersla for dette tapet var sett til kr. 50,-. Kvernsteinane og murane ligg der enno. Det var i Nordalselva Oslandsbotten, 111/1, hadde kvern. Det var like ved tunet, og attmed Kvernhushogen. Nokre steinar er synlege i dag. - Ved denne elva hadde dei også ei klesstampe.

Stavestrand 117/2-3, hadde si kvern i Strandaelva. Det er ingen som kan minnast kvernhuset men murane er der og staden heiter Kverhusøyra.
Førdefjorden Vel