Førdefjorden Vel

17. mai avis 2011

17. mai avis 2011

Kjære sambygdingar – til lukke med dagen!

Det er tid for årets 17. mai avis. La oss ta det praktiske først. I forhold til i fjor, då avisa kun var å finne på nettsida til Førdefjorden vel, kan du no laste årets 17. mai avis ned som app til Iphone eller Ipad, om du skulle føretrekke å heller lese den der.

Korleis har så året gått for bygda sidan førre 17. mai? La oss ta det positive og viktige først: nye hus poppar opp over alt, og det likar vi! Det vi likar endå betre er at det i desse husa ser ut til å bu folk det poppar ungar ut av. Det er svært kjekt for bygda vår at vi vert fleire og fleire sambygdingar. Velkomen skal de vere!

Våren og sommaren føregjekk vel utan noko særleg dramatikk. Høgsesong for dei mange bøndene i krinsen var det riktig nok. Då fresa dei rundt på traktorane sine, gylla, slo, tørka høy, jaga skyr, banna litt (mest fordi forgassar radiatoren type 4B, eller noko slikt, rauk på fôrhaustaren og dei måtte til Førde for å kjøpe ny midt i slåtten). Og so snakka dei aldri so lite grann om vèret. Eg har òg høyrt at nokon bønder faktisk tok seg tid til å reise på ferie med familien, men i følje rykta sat bonden å irriterte seg heile ferien over at han heller skulle vore heime då det var perfekt jyllevèr.

Ja,ja…vi kan vel ikkje ha 17. mai avis i år utan å nemne Nordic Mining og rutilutvinning på Engebø. Vi i redaksjonen har diskutert om det kunne finnast andre gode måtar å bli kvitt restavfallet på enn å dumpe det i Førdefjorden og kom fram til at det i grunn var ein like god idè å dumpe det i ein annan fjord, som t.d. Dalsfjorden. Ved å dumpe all massen på det grunnaste der vil ein kanskje lette arbeidet med å byggje vegforbinding i dette området. Eit anna alternativ er sjølvsagt å unngå det meste av livsfarleg dritlukt i Askvoll området, meir presist: vi kan fylle opp heile kyllaren med overskotsmassen. Vi kan seie det slik: alle ska få!

Om ein er for eller i mot gruvedrift på hi sia av fjorden får vere opp til kvar enkelt, og er ein debatt vi får la ligge på nasjonaldagen. Men ein ting kan vi sikkert vere einige om: Nordic Mining blir onkel skrue i denne samanhengen. La oss berre håpe at Askvoll kommune vert Fetter Anton og ikkje Donald Duck!

Vatn er ein annan ting Askvoll kommune har satsa på i Førdefjord området. Først og fremst har skulen i bygda hatt stabilt reint drikkevatn ein ganske lang periode, og i vår fekk jammen dei som tilhøyrer Kvammen vassverk foredla drikkevatn i springen. Slik vi i redaksjonen har forstått det fungerar reinseanlegget slik at det kokar, destillerar, fordampar, frys og tinar vatnet før det når ut i springen til folk.

23. april var årets Førdefjorddag. Mykje god film og musikk vart presentert. Vi ser at bygda treng eit filmstudio og eit platestudio. Dette er noko vi tenkte Ivar Fossum skulle få ordne pengar til. Folk her borte kan risikere å bli såre i øyre av prosjektet deira, og det synes vi dei må kompensere for gjennom at vi får nyte ny og heimelaga søt musikk. Det vart òg oppdaga nye ryttertalent i bygda på Førdefjorddagen. Vi ber difor alle bønder om å gå til innkjøp av ein ponni og ein hest kvar, slik at bygda får sjansen til å utvikle denne sporten. Gyngehest tel ikkje, berre så det er sagt.

På leirduebana er det stor aktivitet om dagen. Dei byggjer større skytebane enn kva som er vanleg, både internasjonalt og i utlandet. Sidan stepptreninga no er slutt for sesongen vil det bli overfullt på treningstudioet på Allaktivitetshuset og mange knallsterke og treningshungrige damer vil gå rundt å drive. Slike ekje trygge å ha i hus, ei heller drivande gatalangs. Vi føreslår difor at dei tek seg ei økt i veka der dei arbeider på leirduebana.

Sommaren står for dør og vinteren har sagt takk for seg for denne gong. Snart kan vi nyte til det fulle at vi bur i verdas finaste bygd, frå Hestvika godt gøymd under Heilefjellet, til opne landskap på Stavestranda. God sommar!
Førdefjorden Vel