10. desember
- Judit og Jytte har norsk navnedag i dag.
- I dag er det menneskerettighetsdagen.
I dag er det 115 år sidan Alfred Nobel døde. Nobelprisane er fem prisar innstifta av Nobel som utdelast årleg av svenske og norske komitear som anerkjennelse av kulturelle, vitenskapelige og politiske framsteg.
Kvar prisvinnar mottar ei gullmedalje, eit diplom og ein sum pengar som avheng av Nobelstiftinga si inntekt det året. I 2010 var kvar premie verde10 millioner svenske kroner. Ein pris kan ikkje delast mellom fleire enn tre personar.
Årets vinnarar er Ellen Johnson-Sirleaf, Tawakul Karman og Leymah Gbowee. Dei får prisen for sin ikkje-voldelege kamp for kvinner sin sikkerhet og rett til full deltaking i fredsbyggjande arbeid.
Personleg meiner eg Isak Heim burde få prisen etter at han rauk ut av Idol i går. No kan eg endeleg få fred frå denne, i følge "ekspertane", fantastiske stemmen.
Tilbakeblikk i Firda
I 2010 sendte TV Norge
Den unge Fleksnes som julekalender.
Det er to veker til jul i dag og på tide å ta fram dei verkelege juleklassikarane. Dette er songar som kan skape julestemning sjølv ein godværsdag i juni (Dette opplevde vi ikkje i år).
O helga natt, mange gode vokalistar har prøv seg på denne songen men ingen kjem opp på det nivået Jussi, Sissel og Rob held. Høyr gjennom alle og velg din favoritt.
Jussi Bjørling
Sissel Kyrkjebø
Rob Halford
 |
SFE som linefiskarar? |
Nytt fjordspenn mellom Sjønakletten og Rustene er både kostnads- og tidkrevjande. Mellom anna datt eine linja ned under montering. Til alt hell var verken båtar eller bilar under linja, noko som ville ha gjeve katastrofale følger. |