Førdefjorden Vel

17. desember

- Inga og Inge har namnedag.
- Katolsk minnedag for den hellige Lasarus

Det er siste laurdag før jul og tradisjon tru inviterer Nybrot bygdekvinnelag til kafè med laurdagsgraut denne dagen. Godt oppmøte, god graut og eit godt høve til å la golvvask, sølvpussing, støvtørking, juletrehenting, vask av vindauge, vedkløyving, smørhamstring og andre førjulsførebuingar ligge. Kjekt å samlast over grautskåla til ein god prat og litt julehandel. Personleg er eg inne i ein dårleg stim då eg verken vann 150 millionar i Viking-Lotto, på lynlotteriet på kafèen eller fekk mandelen i grauten.

Tilbakeblikk i Firda

I 2002 sendte NRK Månetoppen som julekalender. Den er ein fortsettelse på “Amalies jul” og “Nissene i Blåfjell”.

Dagens julesang er Eg er så glad kvar julekveld.

Julegraut
Julegraut
Førdefjorden Vel