Førdefjorden Vel

19. desember

Trøbbel! Klarte ikkje å opne luke 19 i kalenderen i går så det blei dårlig med oppdatering. Desto betre tid til å tenke ut noko å skrive om. Men det seier seg sjølv etter ein haust der dei to største nasjonalpolitiske sakene er Audun Lysbakken sitt ønske om at fedre skal både føde og amme barna. For 2000 år sidan var ikkje far så mykje tilstades.

Så har vi gamlefar i Frp sine modige tårer etter at han ikkje kom med i Nobel-komiteen. Om ikkje han var på bærtur så var i alle fall Carl I. Hagen.

Alt var betre før. Høyr berre korleis Gro og Kåre diskuterte på 80 talet.

Det er likevel håp. I bystyret i Florø sit det ein som ikkje sparer på krutet. Jakob Nødseth er ein ambisiøs politikar og vil utan tvil nå langt. I periodar er det likevel friske fråspark frå Nødseth som dominerer nyheitsbildet. Han kritiserer leiarstilen i eige lokallag, han serverer personkarakteristikkar av andre politikarar langt over grensene, og best av alt, han omtalar seg sjølv i tredjeperson i lesarinnlegg.

Dette siste trekket er eit teikn på at vi har noko stort i vente. Andre som i poriodar har omtala seg sjølv i tredjeperson er Oddvar Nordli, Napoleon Bonaparte, Mohammad Gaddafi , Julius Cæsar, Kjell Magne Bondevik og då til slutt Jakob Nødseth. Dette blir bra!

Tilbakeblikk i Firdaposten.

Jul i Skomakergata, episode 19.

Det hev i rose sprunge med Kari Bremnes og Det Norske Jentekor

Det hev ei rosa sprunge
ut av ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid,
midt i den kalde vinter
ved mørke midnattstid.

Om denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt,
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rosa ljuvleg angar
og skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
og natti vart til dag.

Blegja
Blegja
Førdefjorden Vel