Førdefjorden Vel

1. desember

1. desember

Det er noko eige med denne julemånaden. Forpliktingar og forventning hand i hand. Slik som desember ser ut til å starte dette året, med tørt og kaldt vær, er det med på å sette ein ekstra spiss på juleførebuingane. Førebuingar som inneber nyvaska golv og varmepumpa på 25 grader, solsikkefrø til kjøttmeisen og plastikktreet skal hentast ned frå loftet framleis ikledd julepynten frå i fjor. Alt dette fritt sitert etter Alf Prøysen.

Men det er på badet det viktigaste skjer. I det vi skriv 1. desember er det fritt fram for alle å avslutte det hårete prosjektet Movember. Movember er ein verdsomspennande oppfordring til menn om å anlegge bart, der målet er å skape fokus rundt menn si helse.

Eg har ingenting i mot bart. Mange kler det svært godt, men det viser seg at ein heil del ikkje gjer det. Tiltaket er viktig all den tid innsamla pengane dette året går til kreftforsking. Men er dette noko som skal gjentakast neste år ser eg helst at vi menn plasserer ei rosa sløyfe på overleppa framfor ein imitasjon av grastustar i eit steppelandskap som enkelte presterte å gro fram under nasa i løpet den siste månaden.


Kåring av årets bart 2012

3. plass © Tom Selleck
3. plass
Tom Selleck
Denne barten er slett ikkje ny, men må med på grunn av godt rykte. Faktisk har Tom Selleck gitt barten eit ansikt, eller kanskje vi skal sei ansiktet ein bart?

2. plass
2. plass
Davy Wathne har tatt oppgåva på alvor og grodd ein ok bart i løpet av 30 novemberdagar. Eg trur ikkje det står i reglementet at du også må trekke framtennene, slik det ser ut til at Davy har gjort på dette bildet.

Blegja
Blegja
Like fin som alltid. Sjølv om snøen ligg meterdjup der i dag tek vi med eit bilde frå i fjor sommar, då det var bart på Blegja.


Prisauke på tomter i kommunale byggefelt.


Sissel Kyrkjebø - Mitt Hjerte Alltid Vanker

- 1 -
Mitt hjerte alltid vanker i Jesu fødte rom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme velsignet julenatt

- 2 -
Akk, kom jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn
Og full av lengsel sukke, kom Jesus dog her inn
Det er ei fremmed bolig, du har jo selv den kjøpt
Så skal jeg blive trolig, her i mitt hjerte svøpt

- 3 -
Jeg gjerne palmegrene vil om din krybbe strø
For deg, for deg alene jeg leve vil og dø
Kom la min sjel deg finne sin rette gledesstund
At du ble født her inne i hjertets dype grunn

Førdefjorden Vel