Førdefjorden Vel

7. desember

Det går mot ei hektisk helg på Høgda. I morgon er det julemesse med sal av alt frå fisk og ved til kosmetikk, julekaker, kunst og husflidsprodukt. Kanskje finn du årets julegåver her? I tillegg vert det kafé med sal av kaffi og kake, samt pølsegrilling på bål ute.

På søndag er det familiejulebord med mykje god mat, både julemat og anna. Dette vert ei triveleg stund der vi håpar så mange som muleg tek seg tid til å vere med på. Det er framleis muleg å melde seg på på butikken.

Har du framleis ledig tid kan ein anbefale å ta turen til Mo Jordbruksskule. Der er det "Jul i stallgata" og det blir sal av julegraut, gløgg, pyntegrønt, juletre og mykje meir! I tillegg blir det aktivitetar for både store og små! Dei tilbyr hest og vogn, rideturar i juleskogen og eventyrstund i julelavvoen!

Opningstidene er frå 16.00-19.00 den 9.-11. desember og 16.-18. desember.


Blegja
Blegja
Mykje finare enn i januar. Denne gong er bildet tatt frå Selvikstølen.

Meir ras


Det lyser i stille grender - Odd Nordstoga

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.


Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.


Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.


Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.
Førdefjorden Vel