Førdefjorden Vel

13. desember

I dag er det 13. desember og Luciadagen. Den har vore feira i om lag 100 år og er til minne om den sicilianske martyren Lucia. I barnehagen er det tradisjon at ungane kler seg i kvite kjortlar, med krans i håret, og spanderer lussekattar og julesong på skuleelevane. Dette er eit av høgdepunkta for ungane i ventetida fram mot jul.

Eit anna høgdepunkt er snø. Eg trur det må ha komme ein heil del for i går formiddag køyrde brøytebilen forbi tre gonger. Eit og eit halvt døgn etter førre snøfnugg. Sjåføren gjorde god jobb og fekk med seg alt av snø. Og sikkert ein heil del av asfalten.

Bak ausa han ut store mengder salt. Eg er litt seint ute med pinnekjøtet så eg vurderte å marinere det i saltlaken på Fylkesvegen. Det vart med tanken og eg får stole på Stubhaug & Co når det gjeld julematen. Han sel forøvrig mandariner til 200 kroner kassen denne veka. Andre tilbod det er verdt å merke seg i adventstida er:

- Vossakorv til kr 39.90
- Svinekjøttdeig til kr 15
- Skinkesteik til kr 29.90

Julehandelen gjer du på Høgda!


Eg har fått lenker til videoar med stillbilder frå lokale fjelltoppar av Gustav Skaar. Tenkte dette måte vere eit godt alternativ til firdalenker av varierande interesse. Først ut er Gjelsvikfjellet som var blant idrettslaget sine utvalde toppturar i fjor. Dette er flott turterreng. Spesielt frå området rundt Gjelsvikstølen er det mange flotte bilder.


Sankta Lucia


Svart senker natten seg
i stall og stuer.
Solen har gått sin vei.
Skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus
stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia!

Natten er mørk og stum.
Med ett det suser
i alle tyste rom
som vinger bruser.
Se på vår terskel står
hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia!


Blegja © Foto: Venke Nordeide
Blegja
Foto: Venke Nordeide
Like flott som i august, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Kvammen.

Klar for Slåtterock 2013?
Klar for Slåtterock 2013?




Førdefjorden Vel