Førdefjorden Vel

17. mai avis 2007

17.mai avis 2007

Kjære sambygdingar – til lukke med dagen!

Det er tid for 17.mai avis igjen og den alltid idealistiske og hardt arbeidande redaksjonen i dette så velkjente og kjære tidsskriftet skal legge fram sitt syn på små og store hendingar i bygda vår sidan forrige 17.mai.
Det naturlege spørsmålet ein då stiller seg er: Har det hendt noko sidan sist? Om ja, er desse hendingane av ein slik karakter at det egnar seg på trykk? Eller for å sei det på ein annan måte; må vi verkeleg rippe opp igjen i alt det her?
No skal det også seiast at redaksjonen i denne avisa tilbringar store deler av dagen tuslande rundt nede i fjæra, og då kan det være vanskeleg å plukke opp alt det som hender i bygda vår. Det er også sånn at hvis naboen din har gjort eit eller anna sprell som du synest fortjener omtale i avisa, så kan det godt være at han er av ei heilt anna oppfatning.

For dei av oss som køyrer etter veiene her, det gjeld vel dei fleste av oss vil eg tru, så har vi ikkje kunne unngå å legge merke til dette enorme bygget som er vorte reist her i Selvika. Her skal Tormod og Margunn i gang med produksjon av gris. Med ei grunnflate som truleg er på fleire tusen kvadratmeter skal det her produserast fleire tusen tonn svinekjøt årleg.
I tillegg til kjøtproduksjonen seier ryktene at det på sikt også skal komme eit opplevingssenter for gris i tilknyting til anlegget. Her kan interesserte få studere grisens liv frå vugge til kotelett, men også sjå andre grisetypar, så som kjælegris, sofagris og andre svin.

Tradisjonen tru var det også i år dans i grendahuset i Flokeneset lørdagen før 17.mai. Vi må nok slå fast at dette er ein type arrangement som er i ferd med å gå ut på dato. I år var det så lite folk at ordensvaktene måtte danse med dei som spelte. Truleg var også billettane alt for dyre då det var fleire utanfor som ikkje såg seg råd til å gå inn.

15. mai i år vart Førdefjorden formelt teken opp i det gode selskapet av Nasjonale Laksefjordar. Dette er ei storhending for villaksen då det i følge sprenglærde forståsegpåare vil hindre at rømt oppdrettslaks tek seg opp i Nausta og blandar seg med laksen med blått blod. Opphavleg skulle grensa gå lenger ute i fjorden, men når politikarane våre omsider forstod at den rømte laksen ikkje kan sjå denne grensa under vatn, så kom ein til at Ålesundet er mykje betre egna då det her er smalt og kan settast opp skilt.

Når vi no er inne på Førdefjorden så må vi nevne det stygge båtforliset ved fyrlykta på Lambeskjæret i påska i år. Frå informert hald får vi opplyst at årsaka til forliset skal være at båtføraren som hadde grønt lys heile vegen inn Stavfjorden, heilt uventa fekk rød blink ved lykta og ikkje klarte å stogge i tide. Båten ligg rundt omkring på 60 meters djup og er til salgs om nokon er interessert.

Allaktivitetshuset på Høgda kom i skade for å sende ut bankgiroar til inntekt for garderobeanlegget med feil kontonummer på. I følge ubekrefta meldingar skal dette visstnok være kontonummeret til grendahuset i Flokeneset. Kasseraren i grendahuset seier han ikkje vil kommentere saka på det noverande tidspunkt. Dette sa han til oss på ei dårleg telefonlinje frå Kypros der han og resten av styret er på ein 14-dagars studietur.

Allaktiviteshuset strevar også med å få nok dugnadsfolk slik at dei kan halde tidsfristane. For å hjelpe til med dette vil 17.mai nemnda sette opp buss til Høgda etter folkefesten her i kveld. Ute i hallen her på skulen vil det være høve til å henge frå seg finstasen, og Steinar Bråstad vil stå der og dele ut kjeledressar og nødvendig verktøy. Bussen går attende til skulen kl. 5 i morgon tidleg slik at vi alle kjem oss heim tidsnok til å gå på arbeid.

So litt sport:
Vi har tre unge fotballag i bygda som med stor iver og innsats brukar bana på Høgda til trening og kampar. Serien er så vidt komen i gang og dei har sikra seg nokre poeng, men vi veit at dei av og til har gått på nokre stygge tap med eit heilt astronomisk antal baklengsmål. Heldigvis brukar ungane berre 5 minutt på å riste av seg skuffelsen når so har skjedd, og så er dei klar for neste kamp. Redaksjonen har bedt trenaren for gutelaget Magnar Leknes om å kommentere utviklinga. Ein ordknapp Leknes ville ikkje la seg intervjue, men har sendt ut ei pressemelding der det står at ballen er rund og sesongen er lang.

Det var også grendacup på bana i fjor sommar, og damene frå Flokeneset tok over vandrepokalen som hadde vore på Leknes sidan siste turnering. Vi som har ektefeller eller sambuarar som deltek i desse turneringane er alltid svært nervøse denne dagen der vi ser vår bedre halvdel som det heiter kaste seg inn i knallharde kroppstaklingar, beinparader eller stuper seg overende i grusen for å filme seg til et straffespark. Det er neimen ingen spøk å ha konemor sittande heime med senestrekk og hofta ut av ledd. Husvask og matlaging skal gå bra, men klesvasken vert ei utfordring.

I leirduegruppa er det så stor aktivitet for tida at det no er tendensar til kø på standplass. Det har kome til nokre nye, unge skyttarar som skyt så godt at det har sett ein støkk i dei gamle karane. Dei ligg no i hardtrening både seint og tidleg og det er så mykje skyting der oppe at dei som bur i Skorvemarka har måtte utstyre seg med kvite flagg når dei skal køyre forbi.

Skulen vår har nettopp feira 30-års jubileum, men til vår forskrekkelse ser vi no for første gang at elevtalet vil gå nedover i åra som kjem. Dette er ikkje bra og ei utvikling som vi håpar kan snuast. Redaksjonen si anbefaling er at når de no kjem heim i kveld og har fått ungane i seng, så skal de fyre opp i peisen, tenne nokre levande lys, ha på fin musikk, lage litt god mat og kanskje åpne ei flaske god rødvin og tenke nøye over denne saka.

No er det sikkert mykje anna vi også skulle tatt opp i årets avis, valgkampen som snart er i gang, hyttebygging i Nervika, Dalsfjordbrua, riksveg 609, jordbruksoppgjeret som nettopp er klart for å nevne noko, men det ville ta timevis og det orkar de ikkje høyre på.

La oss i alle fall slå fast at nok ein gong er vi midt i mai, en ny sommar står for døra sjølv om vinteren har strekt sine kvite fingrar etter oss langt nedover fjellsidene, kveldane er igjen vorte lange og lyse og at ved Førdefjorden er det godt å bu.

Ingvar Osland










Førdefjorden Vel