Førdefjorden Vel

17.mai avisa 2009

Kjære sambygdingar – til lukke med dagen.

Ei avis startar ofte med ein leiarartikkel, gjerne med ei sterk meining. Eg seier berre Nordic Mining. Som i kolonitida har vi her i området fått besøk av høge herrar med interesse for naturressursane våre. Dei har med seg knappar og glansbilder, kaker og kaffi, og prøver å selje prosjektet sitt til godtruande Vestlendingar. Gruvedrift på Engebø skal etter Nordic Mining sine visjonar kun ha positive konsekvensar. Støy vil ikkje forekomme. Faktisk vil stillhet bli eit større problem enn støy. Overskuddsmassane som skal deponerast i Førdefjorden vil gje nytt liv til ein i dag fisketom fjord. Då er det større problem med Kurt Oddekalv som luskar rundt på Vevring og forsurar området. Når det i tillegg vil gje sunnfjordregionen ein stad mellom 1500 og 18000 arbeidsplassar er det ikkje tvil om at her kan vi skyte gullfuglen. Meir om dette seinare

Svineinfluensaen såg i begynnelsen av mai ut til å vere den største epidemien her til lands sidan fotballfeberen herja midt på 90-talet, under Drillo si førre regjeringstid .Vi fekk stadige ekstra nyhetsoppdateringar midt i favorittprogramma våre som Med hjarta på rette staden og Paradise Hotel. Sjølv lottetrekninga vart avbroten med nyheita om at Svineinfluensaen kanskje hadde begynt å nærme seg Norge. Og faktisk var det to som vart smitta her til lands, før helsemyndighetane gjekk ut og avkrefta ein kvar form for bekymring. Men eg meiner at vi framleis bør vere på vakt, vi som bur i grisgrendte strøk.

Tilbake til Nordic Mining sine planar for Engebøfjellet. Det er vel feil at 17. Mai avisa vår skal handle om det som skjer på nordsida av Førdefjorden. Men Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe sin oppofrande innsats i kampen mot kapitalismen går ikkje upåakta hen. Makan til engasjement og mobilisering har vi ikkje sett sidan Holmedal var i ferd med å miste barneskulen sin for nokre år sidan. Dei nyttar alle verkemiddel. Alt frå direktekontakt med statsministeren til okkupasjon av 1. Mai tog. Det siste no er at dei vil jamne Engebøfjellet med jorda sjølv, så får i alle fall ikkje storkapitalen nytta det. Og kanskje har dei nådd fram? For det er meldt om sprenging og byggjeaktivitet i bustadfeltet på Høgda. Arbeid til alle døgnets tider, vekedag som helg, kan tyde på at Nordic Mining ser til sørsida av fjorden i jakta på rutil. Eller kanskje er det berre Johannes Kvammen som med stort engasjement er i gang med huset til Torkel og Helene?

På Grøna er det liknande aktivitet, med graving og sprenging . Det heile er topphemmeleg for området er gjerda inn med 3 meter høgt gjerde. Kva som skjer innanfor er usikkert all den tid det ikkje let seg gjere å forsere all piggtråden, men det spørs om ikkje Nerviken har funne sin eigen rutilforekomst.

I det heile er det mykje flytting av masser i området. Kjartan Storøy har sett i gang eit vegprosjekt som mest truleg er begynnelsen på bru over Førdefjorden. Harald Veiesund har starta på noko som fort kan vise seg å vere klesindustri med eksklusive ullplagg. Tomta er opparbeida og Kashmirgeitene er alt på plass.

I desse første våte maidagane, der vi vart velsigna med tett oppunder meteren med regn er det eit tankekors at Gjelsvik skule i sju år har vore utan drikkande vatn. Vatn er det nok av, men halvparten består av e-coli, mens resten er slam i frå Nordic Mining sitt prosjekt på Engebø. Kommunen har helde sine sjølvpålagde tidsfristar når det gjeld å ha ein plan for det vidare arbeidet med å skaffe skulen vatn av god kvalitet. Gjennomføringa av planen er det verre med. I mellomtida går kjøpevatn ned på høgkant og vi får håpe at 7 magre år vert etterfølgt av 7 gode. Det burde ikkje vere så vannskelig.

Leirduegruppa ser seg nødt til å utvide skytebana på grunn av god rekruttering. Dette er gledeleg i ei tid der ungdom like gjerne kjem i eit miljø der det er meir vanleg å sette eit skudd enn å skyte. Kronerulling er i gang og vi håper ikkje finanskrisa har nådd den jamne Sunnfjording og at prosjektet vert gjennomført. Likevel er det mørke skyer i horisonten. Jenny Berg Rolness i foreininga for dyrs rettigheter mobiliserer til kamp for det ho meiner er den utrydningstrua Leirdua.
I tre påfølgande dagar hadde ho innlegg i Firda med følgjande overskrifter:

- Leirdua har også følelsar
- Til kamp for skadeskutte leirduer
- La leirdua få oppleve leirskoleopphold

I ein knapp kommentar seier Magnar Leknes i Leirduegruppa at Rolness skyt med lauskrut for dei brukar berre fredsduer .

Av dugnadsbaserte aktivitetar har som vanleg allhuset på Høgda vore gjennom sin årlege byggesjau. Denne gongen vart dei velsigna med midlar frå Gjensidigestiftelsen, noko som gav prosjektet ein rakettstart. Gjennom ein intens månad vart det arbeidd tre skift med hovudfokus på planlegging , gjennomføring og kaffidrikking. Dugnadsånda blomstra som aldri før. Leiar Trond Selvik arbeidde i periodar på alle tre skifta, og vart til tider observert sovande med spikarpistol i eine handa og malarkost i den andre, men han arbeidde like godt for det. ”God sort” seier han i ein kort kommentar.

Av nyare saker må vi nemne skjelsandbåten som klappa til kai i borti Holmesundet på måndag. At skjelsandbåten kjem er ei storhending, for det er bøndene sin einaste anledning til å treffe yrkesbrør gjennom året. Med unntak av når dei streikar fordi dei har fått for lite pengar i jordbruksoppgjeret. Det er også ein gyllen anledning til å vise fram siste nytt innan traktor og tilhengar.

Denne dagen vart også ein gyllen anledning for Magne Hafstad til å vise fram lastebilen sin, noko vi fekk studere i rikeleg monn. Sjåføren fann ut, i eit forsøk på å spare tid og plass, at han skulle rygge ned i fjæra i staden for ut på kaia. Ei stund lurte vi på om han prøvde å sjøsette doningen men det ga han seg heldigvis på. Men oppatt kom han ikkje. Å dåke skal vite at han prøvde. Den tidligere nevnte dugnadsånda slo til for fullt hos samtlige bønder, og ei stund sto det 10-15 mann med hekken i veiret og krapsa og styrte på som best. Inne i lastebilen satt sjåføren, leigd inn til 450 kroner timen og rulla røyk. Til slutt vart alle traktorane kopla i hop med kjetting i mellom, mannskapet på skjelsandbåten sto bak og skubba, lastebilsjåføren rulla ein ny røyk før han ga gass, og då endelig fekk vi bilen opp.

Og det er vel i grove trekk det som har skjedd her det siste året. Bygdefolket har lagt seg på ei moderat linje, mens dei største sprella tek folk utanbygds seg av. Og slik må det gjerne fortsette.
Førdefjorden Vel