Førdefjorden Vel

17.mai avisa 2006

Eg lengtar til våren så mang ein gong
når vinteren sin kulde eg kjenner.
Eg lengtar til sol og fuglesong
og vårvarme mjuke hender.
Eg lengtar til vårsus i lund og li
og tonar frå vårville bekkar.
Eg lengtar til solskin med varme i,
og lysande grønkledde flekkar.

Eg lengtar til alt som våren meg gjev,
du nyskapte tid og under.
Eg lengtar til nattstille timar med fred,
og spelande morgonstunder.
Eg lengtar til angen frå vårvarme jord,
og røyk frå bråtebrannseldar.
Eg lengtar til blomar som spirer og gror,
og angar i vårdøkke kveldar

Eg lengtar til alt som enno ein gong
skal vekse frå løynde grunnar.
Eg lengtar til tonar frå sigrande song,
frå livsfriske vårglade munnar.
Eg lengtar på nytt å få møte deg vår,
sjå ditt sigrande liv meg føda.
Eg lengtar få takke for alt det du sår,
som skal veksa til hausten gjev grøda.


17. mai

Til lukke med dagen. Det vart grønt i år også. Bjørka fekk blad, graset spirte med nye blad. Liljene kom i kvitt, gult og oransje. Kvitveisen og fiolen dukka opp i skogsnaret. Sauene slepp ut av fjøset. Det luktar vår over bygda. Alt er som det skal vere, enno eit år. På ny kan vi så og hauste og avle mat til dyr og folk. Er det ikkje forunderleg kva jorda kan gje? Heile vår eksistens er tufta på denne oppvakninga om våren – og vinterkvila etterpå.

Supermarknaden sluker produkta til bonden og gjer dei til ”kjøpemat” så dei kan bli aksepterte av den urbane befolkninga. Spagettien har vore duvande kornaks på flatt sletteland med varme luftlag over. Iskremen sitt opphav er melkestrålen frå ein varm kuspene.

Sjokoladen, ja kvar kjem sjokoladen frå? Litt kakaobønner frå Afrikas jord, litt fløyte, mjølk. Det er utruleg kva moder jord kan bere fram. Men mennesket er jammen flink til å kamuflere lukt av fjøs. Skulle eg seie husdyrbustad kan hende. Men kva skal eg kalle jorda? Denne svarte frodige, livgjevande massen som vi får til å gje oss gras, blomster, gulrot, epletre, hasselnøtter. Kva er stovereint her?

Men no skal eg bli urban eg og, eller tilpassa den nye tida. Eg vil gjere det eg har lyst til og styre på ettersom eg sjølv trives med. Moder jord får klare seg sjølv. Har du sett dei nye motefargane for året? Eller reklamen for korleis husa våre skal sjå ut inni? Du let deg kan hende ikkje styre av reklamen? Men det er ikkje lett å lage sin eigen stil heller. Du blir så bombardert med inntrykk frå aviser, vekeblad, fjernsyn, film og butikkreklame at dei nye trendane snart har taket på deg.

Enno treng vi ikkje måle husa våre utanpå kvart år. Dei fleste som for nokre tiår sidan hadde mørkebrune hus, og det var mange, har fått ein lysare kulør på dei. Det skal vere kvite hus no. Kan hende nokon er begynt å forandre det litt mot raudt og gult.

Men la seg styre av reklamen? Nei, eg gjer som eg vil. Men den nye farsotta sudoku går det mykje tid til, men noko skal ein jo ta seg tid til med.

K.G
Førdefjorden Vel