Førdefjorden Vel

17.mai avisa 2005

Til lukke med dagen alle saman!

Ei avis må ha ein leiar, på linje med Jan Atle Stang sine meir eller mindre velformulerte sleivspark og lauslege omgang med fakta i Firda. De Stangen ser til Sogn og Fjordane og landet elles, held eg meg litt meir lokalt: Korleis kan Gjelsvik skulekrins best utnytte vedtaket om at Førdefjorden skal bli nasjonal laksefjord? I utgangspunktet skal dette redde villaksen, men følgjene er bandlegging av bruken av sjølve fjorden og arealet rundt, så nye lakseoppdrettskonsesjonar og kraftutbygging i Rompeelva er uaktuelt. Vi skal vere glad viss det ikkje blir restriksjonar på det vi allereie har. Og å fiske vår eigen laks med garn eller snøre er vel allereie meir eller midre ulovleg…men fortvil ikkje, vi kan framleis tjuvfiske etter laks som før, det er eigen begrensing i det som allereie er ulovleg. Så får vi bruke namnet ”nasjonal laksefjord” for det det er verdt når det gjeld turisme og utvikling av nisjer. Der Lærdal har sitt eige villakssenter kan vi starte vårt eige lakselussenter. Eit museum med lakselusa sin historie, si utvikling og framtid. For det har vel knapt nok vore teke ein laks her i Førdefjorden siste åra som ikkje har lus på seg, tjuvfiska eller ikkje.

At lakselusa er eit aukande problem fekk vi bevist i fjor, for det seiest at ein gjeng badeglade tyske tyskarar vart så sørgjeleg plaga med kløe etter ein halvtime i sjøen bortmed Holmesundet. Då ein såg etter hadde lakselusa soge seg fast tett i tett oppetter ryggrada på dei, men eg veit ikkje om dette er heilt sant.

Kanskje lakselusa blir ei like stor plage som flåtten kan vere? Dette ikkje heilt ufarlege blodsugande insektet som ventar på oss viss vi går tur langs attgrodde stiar som vi har så mykje av etter kvart. Som ein følgje av dette arrangerte Stongfjorden bondelag og Førdefjorden Vel i mars ein kafé der attgroing av kulturlandskapet var temaet. Oppslutninga var god, nesten like god som vaflane dei serverte. Og temaet fenga, for det er ikkje tvil om att ein køyretur langs vegane våre og gåtur i skogen blir som ei vandring gjennom ein grøn tunnel . Kor blir fjorden av? Verna eller ikkje. Med fylkeslandbrukskontoret i ryggen kan vi vel rydde ein flekk eller to så bobilturistane kan parkere bilen og få tømt doen utan i rispe seg opp på ei nypebuske.

Ein trend i tida ser ut til å vere naustbygging. Dei må byggjast no før fjorden vert verna… Dei siste åra har nausta poppa opp som paddehattar. I Løvikja har Jarl sett seg opp naust, i Kvama har Otto og Johannes kvart sitt på plass med både båt, sildegarn og minkfamilie. På Hegreneset har Toralf både nytt naust og molo og i Flokeneset har Egil begynt på si andre sjøbu. Og på Høgda tek allaktivitetshuset form. Ein ivrig dugnadsgjeng jobba i periodar dag og natt på huset. Det går rykte om at neste byggetrinn inneheld skywalk ala Handelshusa i Førde

Det å vere folkevald politikar i Askvoll er til tider tøff jobb. No sist dukka det opp beskyldning om at dei søv i timen, illustrert med foto der det ser ut som dei nettopp søv i timen. Kanskje ikkje så rart dei gjer det, for kommuneøkonomien er så skarl at det er grunnlag for mange våkenetter, og ein gong må no desse folkevalde få seg litt søvn. Kommuneøkonomien er også grunnlag for ein føljetong om skulenedlegging. Foreløpig er Gjelsvik skule halde utanfor medan Stongfjorden og Holmedal er heilt og delvis foreslått nedlagt. Skulle det bli aktuelt å legge ned her i Gjelsvika må vi få i gang ein modell liknande folkelånsvegen som ga oss veg til Førde, ein folkelånsskule der kommunen betaler oss ut når eller viss dei ein gong går med overskot. Liknande tankar kan også takast i bruk for å oppretthalde legekontoret på Høgda, sett inn nokre speleautomatar slik at vi kan ha noko å gjere på mens vi ventar på tur, der overskotet går til utekontoret. Eventuelt kan Askvoll kommune komme med eigne skrapelodd. Skrapar du og finn tre like sprøyter vinn du eit års forbruk av penicillin, nok til å knekke den verste forkjølelse. Skrapar du fram tre bilder av Boonstra har du vunne toppgevinsten, garantert plass på eldrebustadane til Stiftinga Høgdatun, når dei ein gong vert bygde.

Men i desse tidlege maidagane er det ikkje berre hos legen du kan få penicillin. Meierigiganten Tine har gått vel langt i konseptet functional food, som er mjølkeprodukt tilsett noko ekstra som er bra for kropp og sjel. No kom dei på markedet med eit parti lettmjølk tilsett penicillin. Er dette eit ledd i strategien for å vinne tilbake kundar etter ICA skandalen tidlegare i år? Kanskje ikkje rette vegen å gå…

Tine har i det heile oppført seg noko merkeleg det siste halvåret. Rundt juletider fekk mjølkeleverandørane Jarlsbergost i julepresang frå Tine. Ikkje ein halvkilos eller kilosbete der i gården, men eit tikilos ostehjul til glede og forskrekkelse for den vanlege mjølkebonde. Del med naboen sa Tine, men kva gjer du når naboen også har fått eit tikilos ostehjul?

Eg veit ikkje om det er for å unngå store mengder juleost, men bygda har i alle fall fått si første samdrift. Utover hausten i fjor dukka det i rekordfart opp eit bygg inni Gjelsvikja. Til å begynne med var folk usikre på kva dette var, om det var her kommunen skulle legge kommuneadministrasjonen eller om det var nok eit naust som var under bygging. Med dei nedbørsmengdene som var i haust kunne det vere lurt å bygge naust litt opp på land, slik som Noah gjorde det i bibelhistoria. Og rettnok lik båten til Noah skulle dette fyllast med dyr. Jakob og Karl Andre hadde gått i samdrift, der målet er å arbeide halvparten så mykje og tene dobbelt så mykje. Vi får håpe det ikkje vert omvendt og ynskjer dei lukke til.

Andre høgdepunkt er Askvoll sau og geit si gjetarhundtevling her på bøen til Hjalmar i fjor haust. Ein flott dag med ei fin ramme rundt. Interessant å sjå godt dresserte hundar og endå betre dresserte sauer i aksjon. Bygda fekk også to klassevinnarar, Jan Kåre og Haldor. Gratulerer!

Til slutt, eit sitat til ettertanke: Det finnes optimister som gleder seg til det blir vinter, slik at de kan begynne å glede seg til at det skal bli sommer.
Førdefjorden Vel