Førdefjorden Vel

17.mai avis 2004

Også i år, med journaliststreik, kjem denne avisa ut. Streiken gjer lite til og i frå for den idealistiske og ulønna staben i dette organet – som har ofra kveldar i behageleg samtale om stikkord til innhald – eitt par i alle fall – både når det gjeld kveldar og stikkord. Nemndene har no i år også gjort eit godt arbeid, sjølv om nokre har fått grått hår, og har vore fortvila over kven som ikkje kom på møte i kveld.

Det kan vere verre for han Stangen i Firda som lyt til å skriva avisa sjølv i staden for å sitje på sin høge hest å ta seg lov til å synse og meine i aust og vest i sterke ordelag. Dette skal vere ei sakleg avis som skal ta seg av nytt og gammalt slarv i bygda sidan 16. Mai i fjor. Skulle det falle enkelte tungt for brystet, så hugs at det kjem nytt nummer neste år. Då kan du melde deg som redaktør og ta att.

Dessutan fins det Dyngevis av Folkmenner inne i Førde som er villige til å ta alle saker for penger – mykje penger – hugs det, og lat tanken på injuriesak ligge. I høve ei sak som var teken opp i fjor kan vi sjå at det har hendt som neppe trudde var mogeleg: Vi har fått 60-sone på vegen ved skulen. Det har vore ei seig sak, men gledeleg at den er i hamn. Sjølv om nokre meinar at det er heilt gale at vi har fått 60 sone, da e so vanskeleg å hugse på, ser ikkje skilet før det står 80. Lenger tid til Førde er det og vorte for nokre.

Leiaren i 17. Mai nemnda har samla seg eit stort lager av brustein på kaia i Flokeneset. Det er ikkje for å bygge barrikadar om nasjonaldagsfeiringa går i vasken og mobben går til åtak. Dei som kjende han i unge år kunne noko mistenke han for barrikadestorming, men dette er heilt borgarleg: han skal bruleggje tomta si, ventar no på ein sandbåt.

På Øyra, der det før var sag, har dei skifta ut sagylinga med anna ulyd. Jakoben har innreia lydstudio i kjellaren. Om han sjølv skal stille i Idol konkurransen neste år, eller om det er for å gje lokale talent ein sjanse er ukjent. I melodi grand prix burde nok sjansen vere bra om nokon får lyst til å delta, der har vel dei som tenkjer platekarriere mista lysta etter gårsdagen. Det er det eg alltid har sagt, dressjakke og olabukse er den verste påkledningen eg veit. Det har til og med gamle Aust-Europa og Balkan forstått. Der i garden er det skinn og frynsar, lår og puppar, og oppførsel som er ein flokk Juliusar verdig. Songane er slikt slag alle saman, men det betyr ikkje noko. Skriv ein song og av med dressjakka og olabuksa… og resten… så kan du stille opp

Sans for konkurranse har vi her i bygda. Vi er med i fortballen. Smågutelaget tapte 22-2 for Jølster. Damelaget har kome seg såpass til i lårmusklane att etter kampen dei spelte i fjor sommar at i år skal ingen få slått tunnel på dei.
Sidan vi snakkar om konkurranse. Vi stilte med eit godt ordføraremne i fjor haust, men sentrum vart for sterke enno ein gong. Vi har god røynsle med kvinnelege ordførarar i kommunen, men det er ein føremon med ein ordførar om ho veit kva ho skal meine om sakene frå dag til dag – eller i det minste sør kva ho skal meine før ho seier noko.

Vi har i alle fall skulen vår, tomatraud og fin, så lenge det varer. Enøk-tanken har slått gjennom. Straumsparing ved temperaturregulering er tingen. No sit Einar på kontoret og sentraldirigerer temperaturen: sit du ikkje pent, så vert det kaldt! Og elevane klagar på varmen og trugar med å gå heim.

På skulen er det også eit yrande fugleliv, orrhøna som sannsynlegvis var på leit etter make, hamna då inne på skuleplassen. Men skuffa og vonbroten vart ho henta, mot si eiga vilje, og frakta langt inn på fjellet.

Stubhaug’en på Høgda går også inn for full kundeovervaking med nyinstallasjonar og strekkodar. Da e visst direktekopla til Bryssel seiest det. Vi kjem etter her i bygda.

Skulen har prøvd seg på entrepenørskap også. I lokalhistorieveka fekk to av sauene til Tormod vite seg til det. Innesperra bak sprinklar i bosrommet i leskuret vart dei glodde på av storøygde små. Ulla vart dei fri på profesjonell måte av Ravnøy’en, men han overtydde ikkje lærarane med frisørkunnskapane sine, dei tok ikkje imot gratistilbodet. Prosjektet vart avslutta med nyvunnen kunnskap om at sauer skit i leskur.

Sauer er ålreite dyr – det er ikkje hjorten alltid – for ikkje å snakke om hjortejegarane. I grensetraktene mellom Gjelsvik og Leknes var det geriljakrig i haust. Leigetroppane frå Førde opererte i eit ingenmannsland som dei trudde omfatta heile halvøya. Men våre lokale troppar frå Hegreneset, Liset og Bjørndalen tok kampen opp og tok dei på fersk nyskoten hjort ein dag. Elles er storvaldet i hjortejakta eit faktum. Før delte kommunen ut løyva, no skal vi krangle om dei sjølve.

Utelivet har blomstra siste året. Dans i skulekjellaren i Kvamen er bytt ut med PUB-kveldar på Høgda. Drikkinga bak nova på gammaldassen ved gamleskulen, er bytt ut med sømeleg drikking inne i det som skal verte allaktivitetshuset. Eg er ikkje sikker på om det er eit framsteg. Bak den nova kunne du pisse med same – det kan du ikkje i Postludiet. Hugs no endeleg det!

Ikkje berre øl og vin, men før du går på fest kan du sole og trimme deg. Og i framtida kan du få ein helsekur dagen der på. Men det stoggar ikkje med dette. Busslaster med dansekåte Sven Ingvarsfans dreg til Førdehuset på dansegalla fleire gonger i året, det er ikkje småtteri nei, busslast på busslast fer innover. Når det skjer er bygdene tomme for folk. Skal du treffe naboen bør du reise på dansegalla du også.

Men det seriøse kulturlivet blomstrar også. Teatergruppa set opp underbuksekomedie i år også. Gruppa har vakna til nytt liv att det siste året med nytt blod frå så vel Solheimsdalen som NordNorge. Premiere om eit par veker. Gled deg. Stykkjet i år heiter ”Arven er vår”.

Næringslivet har det gått opp og ned med. Mjølkekvotane vert selde, alle lagar rundballar for lager i staden. Heiltidsbonden er ein utdøande rase i bygdene våre, ja heile landet. Bru fiskeindustri har lagt ned drifta. Men på indre Flokenesvåg går det godt. Flokenes Fiskefarm har fått ny konseskon, og Per Osland har gått i gang med eit moloprosjekt som skjermar heile vågen.

Elles kan vi nok rekne med eit størfre og langvarig anleggsarbeid. Det skal byggjast dass på turlaget si hytte, Nipebu, og kloakken skal visstnok førast til sjøen i grøft.

Geitene i Askvoll er og ein trua rase for tida. Dei nyttar utkantane, og det er ikkje bra. Geitebøndene har fått beskjed om at dei bur i feil kommune. Dei skal som spekematproduksjonen, sentraliserast i Tynset – der er det jo eit variert dyreliv med ulv, gaupe og andre trivelege dyr som treng mat.

Det er ikkje så enkelt i nabokommunane heller. Det store kommunesamanslåingsprosjektet i indre Sunnfjord gjekk i vaske i fjor haust. Ordførarane ville i Naustdal og Førde. Folk var meir betenkte. Dei tvilte på om Førde kom til å betale alt dei ikkje hadde råd til sjølv. Det var til og med mange i Førde som tok til å tvile på om det var så lurt å få inn om grensene ei brote med fattiglemer frå underutvikla områder som Vevring, Inste Naustedalen, Stardalen, Bygstad og slike. Stridige kroppar som ikkje vil vere av med godene sine til Førde utan vidare. Borte i Fjaler går det betre. Dei bur seg på det stor oljeeventyret på Lutelandet.

Det er kjekt å leve i vona – det får de også gjere – til neste år.
Førdefjorden Vel