Førdefjorden Vel

17. mai avis 2002

I år er det hundreårsminne for Nordahl Grieg. Han levde i åra 1902 – 1943. Frå han var 20 år gav han ut dikt, romanar og skodespel. I år kjem bøker både av han og om han i nye opplag. Då krigen kom i 1940 melde han seg til teneste og var med dei som berga gullet til Noregs Bank over til England. Der vart han utdanna til offiser. Gjennom radio fekk han fortalt om krigen og her las han eigne dikt. Natta mellom andre og tredje desember i 1943 kom han med på eit bombefly over Berlin. Flyet kom ikkje attende.

Etter krigen vart Nordahl Grieg nasjonalhelt og eit symbol, og med dei dikta han skreiv under krigen vart han folkediktar. I alle år sidan har vi kring 17. Mai vendt blikket mot Nordahl Grieg sine krigsdikt.

Det fyrste skreiv han alt i 1940. Det heitte ”17. Mai 1949”

I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.

Og frå siste verset:

Her skal vi minnes de døde
som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen,
sjømannen som gikk ned.


I diktet ”De beste” står desse orda om dei som falt i krigen.

Døden kan flamme som kornmo;
klarere ser vi enn før
hvert liv i dens hvite smerte:
det er de beste som dør


Blikket vårt går og attende til eit dikt han skreiv i 1936. Det har heile 13 vers, og her er tre av dei.

Til ungdommen.

Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm-
vi dig til strid!

Edelt er mennesket,
jorden er rik !
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.

Vi vil ta vare på
skjønheten, varmen -
som om vi bar et barn
varsomt på armen !


Ein annan diktar som og er med oss med si dikting på 17. Mai er Elias Blix. To av salmane hans står i 17. Mai programmet vårt. I år er det 100 år sidan han døydde, og boka ” Elias Blix” kjem ut på Det Norske Samlaget i nytt opplag. Utval og føreord er ved Einar Økland. Og no siterer eg frå føreordet.

”Når ein går på den smale veg i Blix sine ordleggingar, kjennest det som å gå i eit par gode sko.”

Og vidare står det i føreordet: ”Kan hende er godkjenninga av nynorsk salmeson den viktigaste fornyinga innan Den Norske Kyrkja dei siste hundre åra.”

Vi blar i boka og auga fell på Gud signe vårt dyre fedreland, No livnar det i lundar, Når soli bak om blåe fjell, Himmelske Fader, Syng i stille morgonstunder og Eg veit meg eit land. Mange fleire er med av dei vi lærde i skule for over 2 mannaldrar sidan

Blix skreiv i alt om lag 130 eigne salmafr og han omsette om lag 75. Over 30 er med i denne boka.

M.H.N
Førdefjorden Vel