Førdefjorden Vel

NOK0 OM VEGSOGA VED FØRDEFJORDEN

Det finst enno folk her i grendene som hugsar etter at strekkja frå Hestvik til Stavestrand låg utan veg. Ved trakk gjennom hundrevis av år har det vorte laga gangstiar mellom gardane og grendene. No er mykje av desse stiane grodde att og er borte. Men leitar du, finn du kan hende enno merke etter dei.
Dei menneska som først gjekk denne strekninga, dei gjekk der dei fann naturlegast og beste leia. Ein kan enno vandre i dei gamle fotefar - på stiar der tusen par føter har trakka. Stien er meisla ned i jordlaget, og jamvel over berga har foten sett sine merke.

Somme av desse stiane låg i eit slikt terreng at dei ikkje var ufarlege å fare. Den verste i den lei var ein stad som heitte Stegane mellom Selvik og Skorva. Skora mellom Leknes og Kvammen var og stygg. Sameleis Rørvikkleivane. Likevel har ferdsla gått utan ulukker så vidt ein veit. Elles så vart sjøvegen mykje nytta, og båtar og naust var i god stand. Slik har ferdsla gått gjennom hundrevis av år, og folk fann kvarandre både i glede og sorg.
Men så tok kommunen til å byggje veg. I fylgje dei opplysningar som ligg føre var det i 1910 det kom vegarbeid i gang, og første strekkja som vart bygd var mellom Kvammen og Hegrenes. Oppsitjarane gav fri grunn og måtte i tillegg betale interessent-tilskot. Vegbreidda var 2,5 m. Seinare vart bygt veg til Leknes og frå Aalen til Løvik.

I 1925 kom så vegen frå Gjelsvik til Selvik. Men først i 1960-åra fekk Rørvik og Hestvik vegutløysing. Flokenes låg lengre i vegløysa, men i 1964 nådde riksvegen Stongfjorden - Selvik fram til indre Flokenes. Stavestrand fekk veg i året 1968. Skorvemarka var den staden som mest trong veg, men det gjekk like til 1971 før vegen kom fram til Skjærli. I 1967 vart riksvegen frå Stongfjorden til Selvik opna for bruk. Men enno vanta ubrote vegsamband inn på riksvegnettet. Men så kom Norsk Vegplan i 1970 med framlegg om bru over Ålesundet og med tilstøytande vegar frå Selvjk og Helle. Ålesundet er berre 290 m breitt, lengste bruspennet vart ca. 250 m langt, og brua skulle stå ferdig i 1978. Diverre møtte dette ypparlege prosjektet motstand og enda med at det vart droppa - i alle fall førebels.

I året 1973 gjekk Askvoll kommunestyre inn for å få bygt veg frå Hestvik og til møtande veg på Øygard. Sameleis vart det planlagt veg frå bygdevegen i Løvik, vest gjennom Løvikdalen og gjennom Søre Dalen til Gjelsvik. Men så i 1975 gjorde formannskap og kommunestyre i Askvoll vedtak om veg gjennom Ulveskaret, og dette vart teke til fylgje. Dermed vart noko av den gamle kommunale vegen gjennomgangsveg og den opphavelege lina gjennom Søre Dalen er enno ikkje bygd. Sommaren 1979 var vegen Selvik - Øygard køyrandes, men førebels om Åla, seinare gjennom Ulveskaret. Dermed var grendene langs sørsida av Førdefjorden kome inn på riksvegnettet Om lag heile strekkja er fylkesveg, men frå 1. januar 1984 vert det riksveg.

Som før nemnt så er det ikkje meir enn vel 70 år sidan dei første vegane her vart bygde. I dei tider var vegarbeidet eit hardt fysisk slit. Reiskapane ein hadde å hjelpe seg med var spade, slegge, spett, sett, feisel, borar, sprengstoff, trillebår og treplankar. Stundom hadde ein steinbukk og hest til hjelp. Arbeidsdagen var på 10 timar, så det var mange trøytte kroppar som tok påheimveg etter endt arbeidstid. Våre foreldre sleit hardt for å få veg, og var flinke vegbyggjarar. Sjå t.d. på murane på vegen Alen - Løvik, kor godt del framlejs ligg sjølv om vegen vart nytta som anleggsveg då Ulveskarvegen vart bygd. Det tener «gamlekarane» til ære at vegstandard på dei kommunale vegane er så god, for akkordsatsane var svært låge. Dei fine solide vegmurane vil stå som eit minnesmerke over dei som bygde dei.

I året 1919 kom lova om 8 timars dag, og seinare har arbeidstida vorte ytterlegare nedsett. Og etter kvart kom maskinane inn i vegarbeide og har minka det kroppslege slitet. No kan ein fare i bil der det før var berg og ur og ulende. Vegarbeid har bokstaveleg tala vore med og bygt landet, og dei kan sela med diktaren: «Her ned i grunnen sveitten rann trufast åt fedrane våre».


Av: O. Leknes.
Førdefjorden Vel