Førdefjorden Vel

17. mai avis 2010

Kjære sambygdingar – til lukke med dagen!

Det kviler eit stort ansvar på ein avisredaksjon som gir ut avis kun ein gong i året – den skal fortelje om det som foregår i bygda vår, men også om dei viktigaste hendingane sidan siste 17.mai.Vi kan forsikre dykk om at vi tek dette på største alvor og i dag som alt skal være tilgjengeleg på Internett er sjølvsagt denne og tidlegare års aviser lagt ut på Førdefjorden sine nettsider. Truleg vil neste års avis også være tilgjengeleg som applikasjon til IPhone.

Når vi no skal ta for oss det som har hendt i bygda vår i det siste året så må vi nevne vinteren som vi no prøver å få lagt bak oss. Makan til kulde og snømengder kan vi som bur her i fjæresteinane knapt hugse, til glede for nokre og til ergrelse for andre. Mange meiner at klimatoppmøtet i København var ein fiasko men vinteren vår fekk dei no orden på. Vi for vår del meiner at no har det gått vel langt for offisielle målingar seier at f.eks i Florø var gjennomsnittstemperaturen i januar og februar -0,7 , kaldaste notering var -9,3 og i Førde
- 21,6, det får no være måte på! Og når vi no snakkar om været, veit de forresten at på 17.mai i fjor så var temperaturen 18,2 grader ”mot normalt” 8,6 ?

Av ting som kom fram når snøen forsvant så må vi ta for oss rv. 609- for her står det dårleg til, i alle fall på den biten som går gjennom bygda vår. Hvis du går ut av bilen og ser ned i ei av dei mange slagholene så vil du oppdage at nede i holet er det ganske fin asfalt, i alle fall samanlikna med den du køyrer på. På spørsmål frå redaksjonen svarer Statens Vegvesen at dei vil no i sommar vil frese av oljegrusen på toppen då dei og har oppdaga at det veidekket vi hadde før ikkje var utslete og kan brukast litt til. Oljegrusen dei fresar av skal brukast til å fylle slagholene i vegen til Skorvemarka. Dessuten seier dei, er telehiv svært godt egna som fartsdemparar og at vatnet renn langs etter vegen i staden for i grøfta er berre bra for det kjøler ned vegbana og reduserer dekkslitasjen.

Litt utanriks: I forbindelse med Engebøprosjektet har Nordic Mining vore på Island og utført prøvesprengingar på ein stad som heiter Eyjafjallajøkulen. Salvene var såpass kraftige at støvskya stoppa flytrafikken i Norge og mesteparten av Europa i fleire dagar. På spørsmål frå oss forsikrar adm. dir. Ivar Fossum at det ikkje vil bli brukt fullt så kraftige salver på Engebø, men at ein likevel må pårekne redusert flytrafikk i periodar. Dette handlar om utvikling og arbeidsplassar seier han og for å lage omelett må ein nødvendigvis knuse nokre egg. Han synes dessuten at motstandarane av prosjektet overdriv for allereie i 2070 vil alt være som før.

Det er stor aktivitet i trimrommet i Allhuset for tida og no viser det seg at denne aktiviteten kan gje grunnlag for ny næring. Ein har oppdaga at den svettedampande avtrekkslufta fra trimrommet vil gje gode vekstforhold for sopp og det vert no planlagt et vekstanlegg for champingong og kantareller på loftet over trimrommet. Joker Kvammen vil då som einaste kolonialforretning i Norge kunne tilby nyplukka sopp til kundane sine. Sjølvplukk er også mulig – då til redusert pris.

Fleire nye hus er under oppføring i krinsen vår og den nye trenden er at interesserte kan følge framdrifta på Facebook. Her er det mogeleg å komme med kommentarer og endringsforslag, faktisk kan folk gå inn å endre på tegningane om det er ting ein ikkje likar.

Ang. husbygging – det viser seg no at dei som har kjøpt tomter til 1 kr har ein klausul i kontraktene sine. Her står det med liten skrift at hvis det nye rådhuset i kommunen vert dyrare enn budsjettert så må tomtekjøparane ta ein del av ekstrakostnaden.
No viser det seg at budsjettet held knapt til å dekke rørleggararbeidet og ingen anar kva sluttsummen blir.
Kommuneleiinga seier dei vil ikkje være urimelege og tilbyr tomtekjøparane ein ordning der dei kan velge mellom å betale 75% skatt dei neste 5 åra eller melde seg til dugnadsarbeid på rådhuset.
Vi har bedt Gunnar Osland frå Venstre som og sit i formannskapet om ein kommentar til denne saka men han vil berre understreke kor viktig det er at folk les nøye gjennom kontrakter før dei skriv under. Dessuten må folk forstå at det er ingen ting som berre kostar ei krone.

Vi i redaksjonen har nyleg vore på synfaring i den nye båthamna i Kvammen. Her er det gjort ein stor innsats av både entreprenør og dugnadsfolk og sjølv om det gjenstår litt arbeid så er det eit flott anlegg med mange nye båtplassar - men med påfallande lite båtar. Vi har undersøkt litt og frå informert hald har vi fått opplysningar om at dei fleste som har kjøpt båtplass her har måtte selt båtane sine for å finansiere båtplassen.

Førdefjorden Vel lanserte nyskapingen ”Førdefjorddagen” i påska for å lage litt aktivitet og lokke nye folk til bygda. Vi i avisa var på plass, mykje folk var det, men vi såg no berre dei same gamle fjesa. Vi vil også stille spørsmål ved prisane denne dagen - kven vil kjøpe T-skjorte til 120 kr når du kan få kjøpt ei heil tomt til 1 kr ? Velforeninga på si side meiner arrangementet vår så velukka at dei utvidar til ei heil veke neste år og då vil puben være åpen kvar dag frå kl.10.

Det har vore mykje snakk om lakselus i den siste tida og Mattilsynet advarer no mot bading i Førdefjorden. Nils Sund som fiskar mykje i fjorden skal visstnok ha fått fleire gigantiske eksemplar av lakselus i garna sine og det er gjort eit makrellkast på Gjelsvika der mesteparten viste seg å være lakselus, store som brennmaneter. Mattilsynet trur lusa har fått i seg anabole steroider og det er grunn til å anta at dei kan være farlige for folk som badar i sjøen.

Etter at budsjetthavariet på det nye rådhuset i kommunen vart kjent er det vedteke å utsette bygginga av renseanlegget for vatn på Høgda på ubestemt tid. Det vil i staden bli montert ein enkel tappekran med kolfilter ved butikken. Vi har bedt Gunnar Osland frå Venstre om ein kommentar til saka, han seier at alle skal på butikken for å handle og då går det godt an å ta med seg ei flaske vatn heim. På denne måten kan alle nytte seg av renseanlegget og ikkje berre dei som bur på Høgda, dessuten kan ikkje kommunen betale for alle mulige ting innbyggarane måtte ha lyst på.

Litt sport: Det er uro i fotballgruppa til Kvammen IL etter dei dårlege resultata på slutten av sesongen i fjor. Vi kjenner til at supportergruppa har pressa hardt på for ny trenar, utskiftingar i styret og innkjøp av nye spelarar. På årsmøtet trekte leiar Magnar Leknes seg frå styret, han aviser kategorisk at avgangen har noko med det sportslege å gjere men seier det er utelukkande personlege årsaker som ligg bak denne svært vanskelege avgjerda.
Leirduegruppa skal snart i gang med utviding av skytebana og dette er noko vi kan sjå fram til. Vi håper dei vil ta på seg å arrangere eit Norgesmesterskap for då vil vi få ny asfalt og ordna veien heilt i Skorvemarka. Det har vi sett frå Kråkenesmarka, skal det være landsskyttarstemne så dukkar det opp pengar både til vei og tunnel. Kanskje dei burde vurdere å lage heilt ny bane ein stad nede i Eidsfjorden?

Når vi no er inne på sport så vi har akkurat fått inn ei rykande fersk melding. Helselaget sitt arbeid med å arrangere turar er begynt å vise resultat i befolkninga. 17.mai toget i dag har gått frå Ålaneset til Høgda på tida 14.23.18. som er ny løyperekord. Et par 17.mai tog til så bør det være mulig å presse tida under 10 min.

Sommaren står for døra og med den kulden som har vore kan vi ikkje forstå anna enn at vi har masse plussgrader til gode. Snart kan du nyte desse fine blå sommarkveldane her under fjella ved Førdefjorden, enten du er i hagen din, på fjellet eller på sjøen – og finn gjerne på nokre sprell slik at vi har noko å skrive om til neste år.
God sommar!

Førdefjorden Vel