Førdefjorden Vel

Maren Gjelsvik

Av Oddvin Solheim

I vår velstandstid då husmannsstanden og deira kår nærast er gått over i soga, har eg ofte kome i hug ho Maren på Kviene. Ho var fødd i 1865 på Kviene, ein husmannsplass under g.nr. 7 i Gjelsvik. Og her vart ho buande. Foreldra Peder f. 1838 og Kristianna Rasmusdotter f. 1830 hadde vel teke over plassen etter Maren sine besteforeldre som var Abraham Henriksen f. 1800 og kona Rakel Olsdtr. f. 1812. Maren hadde ein bror som reiste til Amerika. Om han vart av dei som vart “velstandsherre i den nye verden”, veit ein ikkje, då han ikkje let høyra frå seg. Men då andre seinare reiste same vegen. møtte gjerne ho Maren opp og bad dei helse til han Andrias.

Slektningar hadde ho Maren ikkje, så då foreldra døydde vart ho åleine. Men ho hadde sin gong kring om til grannar og kjende og fylgde med i det som gjekk føre seg i bygda. Ho hadde ei kyr og nokre sauer. Og når det leid ut på våren og det vart lite med fôr til dei, var det ikkje uvanleg å treffa jo Maren med ein høysekk på ryggen. På sine eldre dagar greidde ho nok ikkje å stelle med desse dyra, så husdyra hennar vart då berre nokre kattar og ein hund med tre føter. Desse levde ho i nært samband med og hadde nok mykje selskap i.

Eg har eit minne etter at eg som tiåring ei julaft vart send inn med eit mjølkespann. Ho slo mjølk i ei skål og sette på bordet og straks var det dei som forsynte seg. Det var ikkje pynta til helg i den stova. Truleg var det minne frå denne julafta som gjorde at eg seinare gjerne ville hatt eit bilete av ho Maren. Men resultatet vart ikkje vellukka. Ho trudde nok det måtte vere noko troliskap med eit fotoaparat.

Ja, ja, ho hadde vel sin eigen livsfilosofi ho Maren. Og levde nok mykje i si eiga verd, ei verd der nøysemda var stor og krava små. Men noko vart borte i bygdebiletet med henne. Ho døydde 21/7 - 1948.


Maren Gjelsvik
Førdefjorden Vel