Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Ut i naturen.

Øyravatnet © Gustav Skår
Øyravatnet
Gustav Skår
Førdefjord, og fjell. Vi vil her presentere noko som får Alaska til å fortone seg som kjedelig, noko som får Mount Everest til å framstå som ein tur i parken, noko som får Mjøsørret til å sjå ut som sardin på boks. Velkommen til ein bildeserie om lokal natur.

Morgonstund ved Øyravatnet. Etrenipa lokkar i bakgrunnen for dei som har lyster i den retning.



Markavatnet
Markavatnet
Eit vatn som er kraftig regulert og har fisk som er kraftig regulert også. Lang og tynn og med litt for mange artsfrendar. Her ser vi bilde av vatnet i retning Markhengenipa.

Markavatnet er eit godt utgangspunkt for turar i flott terreng. Ved inste enden har Indre Sunnfjord Turlag merka sti opp til Nipebu. Tek du til venstre når du kjem til Grunnevatnet kjem du til Leknesvatnet/Etrenipa. Frå Skjerli kan du gå til Stordalen eller vidare over til Osland. Mykje flott natur!



Etrenipa © Gustav Skår
Etrenipa
Gustav Skår
Tok du til venstre når du kom til Grunnavatnet går turen inn mot Fessene. Vidare kjem du til nokre tjern som ligg vest for Leknesvatnet. Dette bildet er frå dette området. I bakgrunnen ruvar Etrenipa. Gustav Skår skriv mykje om turar i dette området i bloggen sin. Verdt å besøke, både bloggen og Etrenipa.



Fyr og flamme © Gustav Skaar
Fyr og flamme
Gustav Skaar


Mot vest © Gustav Skår
Mot vest
Gustav Skår
Bilde tatt frå omlag same plass men i motsatt retning. Til venstre ser ein gardane rundt Markavatnet. Til høgre ser ein Øyravatnet framfor Dyrehovden. I bakgrunnen ser ein blant anna Svanøy, Skorpa, Tansøy og Batalden



Sørgardstølen i vinterdrakt.
Sørgardstølen i vinterdrakt.


Selvikstølen med Etrenipa i bakgrunn
Selvikstølen med Etrenipa i bakgrunn


Rørviknipa med Blegja i bakgrunnen
Rørviknipa med Blegja i bakgrunnen
I søkket i framkanten i bilden ligg det eit tjern, Rumpetjern, som er starten på elva med det eventyrlege namnet, Rumpeelva. Dette burde vere ein drøm for ein merkevarebygger. Tenk deg Olden, Farris og andre flaskevatn, her som ein lokal variant, Rumpa...

Her kan ein legge eit konferansesenter med Rumpeelva som tema. Senteret må ha ein fin hekk og inngang bak. Kanskje ein frisør som kan gje deg ein stuss og Naustdal Dampbakeri kan selge bakverk? Men vi må handle rasskt, så ikkje Vassenden stel idèen vår.




Hav
Hav
Bilde tatt frå samme plass, men mot vest.


Aure
Aure
Fin fisk som er fiska i Markavatnet, eller Leknesvatnet, eller Øyravatnet, eller ein heilt annan stad. No skal det seiast at fyrsikkøskja på bildet er veldig liten...



Utsikt © Gustav Skår
Utsikt
Gustav Skår
Angåande stor fisk så er fisken større dess lenger opp i eit vassdrag ein kjem. Her ligg vatna som perler på snor, Nipevatnet, Blåvatnet, Bjørnastigvatnet, Leknesvatna og Markavatnet. Med unntak av dei to øverste som er fisketomme(?) stemmer denne teorien godt på denne rekka med vatn.


Bildet er tatt frå toppen av Blegja og viser høgfjell og havblikk i skjønn foreining.


Førdefjorden Vel