Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Å bu i bygda.

snø
Området ligg vakkert til langs Førdefjorden som åpnar seg opp og går over til Stavfjorden når den passerer Flokeneset. I heile området finn ein jordbruksbygder med ei rekkje større og mindre gardsbruk der dei fleste vert drive i dag.

Største arbeidsplassen i bygda er barne- og ungdomsskulen som er samlokalisert med barnehagen. Andre arbeidsplassar er omsorgsbustad, fiskeoppdrett, jordbruk, maskinentreprenør, tynnplateverkstad, kraftlag m.m.

Skal ein ha arbeid utanfor bygda ligg både Førde og Askvoll omlag 3 mil unna. Den korte pendlaravstanden til desse tettstadane er eit godt argument for å bu i bygda. Dette er sentrum med eit godt utval av arbeid innan dei fleste fag og spesielt Førde er eit område i sterk vekst. Bygda har god kommunikasjon med buss til Askvoll og Førde, som igjen er utgangspunkt for hurtigbåt til Bergen og flyplass på Bringeland.

Ein naturleg samlingsplass i bygda er nærbutikken som har post i butikk, tipping og bensin/diesel. Nærbutikken har opningstider frå 0930-1800 på kvardagar og 10-15 på laurdagar. I dette området ligg det også ei ballbane og ei sandvollyballbane.

Med fjellet på eine sida og fjorden på andre sida har ein eit glimrande utgangspunkt for rekreasjon. Helselaget arrangerer i sommarhalvåret to kveldsturar kvar veke. Dette er turar i variert terreng og med varierande vanskelegsgrad.

Helselagstur

Indre Sunnfjord turlag har merka sti frå Markevatnet og fram til Nipebu som ligg ved Langevatnet. I dette området finn ein fiskevatn som ikkje nødvendigvis byr på storfisk, men du er som regel garantert fangst med litt tolmodighet.

Frå Rørvik startar oppturen til Blegja, som ruvar 1305 meter over havet. Dette er ein flott dagstur i variert terreng som stort sett går oppover...

Fjorden byr på så mangt, bortsett frå fisk. Men med rett utstyr, fløande sjø, nymåne og solgangsbris hender det at ein torsk eller to let seg lokke. Vi har ein flott skjærgard som innbyr til båtliv og vi har badestrender som innbyr til bading. Kvammen Båtlag arbeider med småbåthamn der ein kan få kjøpe båtplass. I dette området vil det også bli eit rekreasjonsområde på land.


















Førdefjorden Vel