Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Kronestomter på Høgda

Utsikt
Askvoll kommune sel i perioden 2008-2011 alle kommunale tomter for ei krone. Dette for å stimulere til auka tilflytting. For vårt område gjeld dette dei kommunale tomtene på Høgda. Her ligg det åtte tomter tilrettelagt med veg, vatn og avlaup klar til vidare opparbeiding. Tomtene ligg i gangavstand til daglegvarebutikk, ballbane og sandvollyballbane. Skule, barnehage og SFO ligg omlag 4 kilometer unna. Tomtene ligg skjerma frå biltrafikk og har vakker utsikt mot Blegja og Ålesundet.


Vilkåra for å få kjøpe tomter til ei krone er:

- Oppmåling- og overdragingskostander samt tilknytingsavgift for vatn og kloakk skal betalast av kjøpar.
- Søkjar må vere fylt 20 år.
- Kvar husstand kan berre delta med ein søknad, med unntak av barn som skal flytte heimanfrå og bygge for seg sjølv. Personar som kjem frå kvar sin husstand og skal flytte saman, vert rekna som ein husstand.
- Dersom byggjearbeidet på tomta ikkje er sett i gong innan eitt år etter at tomta er tildelt, nyttar kommunen forkjøpsretten sin og kjøper tomta tilbake for same pris som den vart seld for, uavhengig av seinare opparbeidingskostander. Det vert ikkje rekna renter.
- Askvoll kommune har forkjøpsrett og tilbakekjøpsrett ved sal eller anna omsetning av ubebygd tomt. Forkjøpsrett gjeld ikkje ved overføring til ektefelle eller livsarvingar.
- Kjøpar eller leigebuar pliktar å bu på eigedomen. Bustader kan ikkje nyttast til fritidsbustad.

Kart over tomtene, gjeldande reguleringsplan og bestemmelsar får du på teknisk etat, tlf 57 73 07 30. Når du har bestemt deg for tomt er det berre å fylle ut avtaleskjema og sende til kommunen.


Høgda
Høgda
Til venstre på bildet ligg tomtene som Askvoll kommune sel for 1 krone i 2009. Midt på bildet ligg det nærbutikk med fotballbane og sandvollyballbane rundt.





















Førdefjorden Vel