Førdefjorden Vel

Blegja

Reisemål Løvik
Reisemål Løvik
Starten på turen til Blegja startar med bildet som Reisemål Sunnfjord, visitNorway, Innovasjon Norge og andre har valgt å profilere seg med. Frå Løvika med Heilevangsstaurane og Blegja i bakgrunnen.

Blegja ligg som høgste toppen i eit massivt fjellplatå. Sett nedanfrå merkar den seg ikkje ut, all den tid dei spektakulære Heilevangsstaurane stel det meste av merksemda og Rørviknipa som ligg framfor Blegja dominerer biletet. Etter kvart som ein nærmar seg toppen er det likevel platået på Blegja som skil seg ut.

Med 1305 meter er Blegja den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord. Turen opp er krevjande. Ein startar om lag på havnivå og første delen fram til Hengenipa er ganske bratt. Den mest brukte ruta er frå Rørvika. Her er det parkeringsplass ved informasjonstavla på nedsida av vegen. Om lag 100 meter lenger framme står startar ein med ei grind der det står skilt til Blegja. Ein følgjer ein traktorveg fram til eit lite inngjerda jorde og tek til høgre mot elva. Her går ein bratt opp på venstre side av elva på ein tydeleg sti. Denne følgjer ein fram til Hengenipa. Hengenipa ligg på 506 meter og er ein flott trimtur innanfor rimeleg rekkevidde. Den gjev god utsikt både innover og utover Førdefjorden. Det tek om lag 45 minutt å gå opp i moderat tempo.

Hengenipa
Hengenipa

Nipebu © Gustav Skaar
Nipebu
Gustav Skaar

Vidare oppover mot Blegja følgjer du god sti opp til ei privat hytte som heiter Nipebu. Her sluttar den tydelege stien. Ruta går så i retning Rørviknipa på utydeleg sti til foten av nipa. Så tek ein til høgre og følgjer fjellfoten fram til Nipevatnet. Stien er delvis merka med vardar. Herifrå ser du topplatået på Blegja. Ein går først langs venstre sida av Nipevatnet, så litt oppe i fjellsida. Deretter kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til ei steinur i retning skaret mellom egga på Rørviknipa og Blegjaplatået med lett klatring dei siste meterane opp på platået. Varden ligg nord på platået med utsikt til Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjell rundt Bergen

Nesten oppe. © Gustav Skaar
Nesten oppe.
Gustav Skaar
Med Dalsfjorden i bakgrunnen og Nipevatnet i dalbotnen viser bildet den kanskje tyngse delen av turen opp til Blegja.

Blegja - toppen av lukke! © Gustav Skaar
Blegja - toppen av lukke!
Gustav Skaar

Kartpresentasjon av Blegja

Blegja sett frå lavlandet.
Førdefjorden Vel