Førdefjorden Vel

Bønder i bygda.

Sau
Etter skulen er bondeyrket den største arbeidsplassen i bygda. Bygda har 13 heiltidsbønder og mange deltidsbønder, med ein produksjon som i hovudsak er basert på mjølkeproduksjon med oksar i tillegg og sau. Samla kvote er knapt ein million liter, fordelt på 14 bønder. I snitt gjev dette rundt 71500 liter pr bruk, noko som tilsvarer gjennomsnittet i Sogn og Fjordane. Mjølkeproduksjonen held seg nokolunde stabil. Der nokon gjer seg med mjølk aukar andre produksjonen ved kjøp av kvote.

Tal sauer å lam på utmarksbeite har hatt ein nedgang på nær 1000 dyr dei siste 10 åra. Tal frå Nordre Askvoll sankelag viser at det vert sendt om lag 1800 sauer og lam til fjells kvart år. Beiteområdet er frå tregrensa og oppover og kvaliteten på beitet er litt under middels. Dette gjer til at området har noko lågare slaktevekter på lam samanlikna med lenger inn i landet

Slåttearealet i bygda varierer frå nesten flatt til vanvittig bratt. Mykje av arealet vert i dag fortørka før det vert rundballa eller lagt i silo. Ein del vert direkte slått med forhaustar og dei brattaste areala vert slått med slåmaskin.

Området har, som andre kystkommunar på Vestlandet, ei utfordring når det gjeld jord- og innhaustingsarbeid. Samanlikna med bygder til dømes i indre sogn har vi ein årsnedbør som er 4-5 gonger høgare. I april til august, når det meste av jordarbeiding og innhausting foregår har vi i snitt på 900 mm nedbør medan f.eks Vik kommune har 250 mm.

Storoksen

Faglag som bøndene kan vere med i:

- Stongfjorden Bondelag
- Askvoll Sau og Geitealslag
- Nordre Askvoll Sankelag
- Sunnfjord Forsøksring

I tillegg får bøndene rådgiving som leverandørar til Tine og Gilde.

I framtida står den type produksjon vi har, med små einingar og krevjande slåtteland, framfor store utfordringar. Politisk vert det no satsa meir på større bruk med effektiv og tidsparande produksjon framfor den typen bruk vi har.
















Førdefjorden Vel