Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_2ebd_2.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Bildebrev frå juni.

Blegja
Blegja
Like flott som i mai, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Mandelidbotnen.

Jonsokaftan © Foto: Steinar Bråstad
Jonsokaftan
Foto: Steinar Bråstad
Jonsokaftan var ein av dei finaste kveldane denne månaden. Flott temperatur, og god stemning langs heile fjorden.

Fullt hus © Foto: Steinar Bråstad
Fullt hus
Foto: Steinar Bråstad
Arbeidet med båthamna er ikkje ferdig men folk hadde likevel ein flott jonsokkveld då Båtlaget og Bygdekvinnelaget inviterte til grilling og basar.

Grillfest
Grillfest
Skulen og barnehagen hadde felles grillfest 14. juni. Fire 10. klassingar er på veg ut skuleporten medan seksåringane står klar til å ta over.

Middagsfjell
Middagsfjell
Helselaget har lagt ut bok på Middagsfjellet. Denne toppen ligg 570 m.o.h og har god utsikt både utover og innover Førdefjorden. Ein ser også rett nedatt i bygda så då kan ein ha kontroll på kven som har slått plenen sin. Turen opp kan ein gå både frå Vassverket og vidare opp Gjelsvikskora, og frå Rørvika og over Femsteinsheia.

Middagsfjell
Middagsfjell
Sola heng høgt på himmelen sjølv om klokka nærmar seg 10 om kvelden

Helselagstur til Vasslivatnet © Foto: Sara Osland
Helselagstur til Vasslivatnet
Foto: Sara Osland

Helslagstur til Lambeskjæret © Foto: Ellen Hestvik
Helslagstur til Lambeskjæret
Foto: Ellen Hestvik

Helselagstur til Leknesvatnet © Foto: Egil Lavik
Helselagstur til Leknesvatnet
Foto: Egil Lavik
(Sist oppdatert 07.juli 2010, 15:41)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel