Førdefjorden Vel
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Bildebrev frå oktober.

Vêrstatistikk frå Florø lufthamn målestasjon i oktober.

Dette er den næraste offisielle målestasjonen. Stasjonen vart oppretta i juni 1971. Stasjonen måler temperatur og vind. Det manglar normalar for nedbør. Det kan mangle data i observasjonsperioden.

Siste 30 døger: Snittemperaturen var 7,5 gradar, 0,4 gradar under normalen. Høgste temperatur var 18,3 gradar (4. oktober), lågaste var -0,4 gradar (21. oktober). Største vindstyrke var 21,3 m/s (30. oktober).

Siste 12 heile månader: Høgste temperatur var 24,5 gradar (16. aug. 2010) og lågaste -9,3 gradar (8. jan. 2010).

Blegja © Foto: Gustav Skaar
Blegja
Foto: Gustav Skaar
Like flott som i september, Blegja går aldri av moten. Denne gong er bildet tatt frå Svarthamrane.

Snøfall
Snøfall
Snøen kom overraskande på dei fleste. Bilar køyrde i grøfta og tre brotna. Berre sauene var føre var og hadde kledd seg med ull frå topp til tå.

Ras
Ras
Til tross for omfasttande sikringsarbeid rasar det stadig innanfor Hundsåna. Denne gongen var det overraskande snøfall kombinert med lauv på trea som skapte problem. Nokre bilistar tok sjansen på å køyre gjennom raset, medan store bilar måtte vente på at vegen vart rydda.

Sikring
Sikring
Ein måtte rekne med litt ventetid når sikringsarbeidet omsider var utført ved Hundsåna. Straks sikringsarbeidet var ferdig...begynte det å rase.

Vinter langs Førdefjorden © Foto: Steinar Bråstad
Vinter langs Førdefjorden
Foto: Steinar Bråstad
Meir snø. Dette såg nesten idyllisk ut, men litt kaldt.

Snøfresar? © Foto: Steinar Bråstad
Snøfresar?
Foto: Steinar Bråstad
Her har bonden vorte overraska av tidleg snøfall eller så er han klar for ein tidleg vår.

Basar
Basar
Hausten er basartid med loddsal, god mat og kjærkomne inntekter til ulike lag og organisasjonar. Det bur ein liten gambler i oss alle så det er spennande med loddtrekking!

Basar © Foto: Venke Nordeide
Basar
Foto: Venke Nordeide
Allaktivitetshuset sin basar.

Helselaget sin basar
Helselaget sin basar
Siste helga i oktober hadde helselaget basar i Flokenes Grendahus. Fullt hus og stor stemning. Det var også trekking av loddbøker som har vore utlagt på ulike trimpostar i år. Kristoffer Mandelid vann hovudgevinsten her.

Forskaling © Foto: Steinar Bråstad
Forskaling
Foto: Steinar Bråstad
I oktober var det tid for dugnad i småbåthamna. Ivrige sjeler nytta godværet til sosialt samvær og ivrig snekring.

Springflo © Foto: Steinar Bråstad
Springflo
Foto: Steinar Bråstad
Springflo i båthamna. Det kan vere ei utfordring å drive med forskaling når springfloa er næraste nabo.

Vassbehandlingsannlegg. © Foto: Steinar Bråstad
Vassbehandlingsannlegg.
Foto: Steinar Bråstad
Det dukkar stadig opp nye hus i bygda. Dette huset bidreg ikkje til folketalsauke men er derimot eit nytt vassbehandlingsannlegg på Høgda.
(Sist oppdatert 03.november 2010, 10:53)

Gå til nyhendearkiv

Førdefjorden Vel